Vil bygge pilot

MILJØFISK: Slik er anlegget tenkt i Bulandet.

MILJØFISK: Slik er anlegget tenkt i Bulandet.

Ei rekkje aktørar, mellom dei Bulandet Miljøfisk, jaktar på investorar til prosjekta sine.

DEL

Oppdrettsveteran Ola Sveen og fleire medeigarar står bak Bulandet Miljøfisk. Dei har fått fem konsesjonar til å produsere lakse på land med eit spesielt konsept. Ved å plassere kara i eit sund og under havnivå, kan dei få til svært rasjonell drift ved å utnytte tyngdekrafta til å sende sjøvatn gjennom anlegget. Utfordringa som Bulandet Miljøfisk har, på same måte som brørne Bakke i Smart Salmon- med sitt prosjekt på landbasert storsmolt-oppdrett i Smørhamn i Bremanger, er å skaffe nok risikovillig kapital.

Bulandet Miljøfisk ønsker å vise at konseptet funger via pilotdrift.

– Vi satsar i første omgang på å bygge eit pilotanlegg, som kan bli ein naturleg del av ei full utbygging seinare, fortel Ola Sveen.

Artikkeltags