Tidskapsel med humor

Veteranbåten Haugefisk. Elevar frå Flora ungdomsskule på fisketur med line i regi av Musea i Sogn og Fjordane, Kystmuseet og Den kulturelle skulesekken. Kjell Grotle showar på.

Veteranbåten Haugefisk. Elevar frå Flora ungdomsskule på fisketur med line i regi av Musea i Sogn og Fjordane, Kystmuseet og Den kulturelle skulesekken. Kjell Grotle showar på. Foto:

FLORØ: – Halve fiskaryrket er at du kan ha det litt moro innimellom. Viss ikkje, er det ikkje noko interessant.

DEL

Den røynde linefiskaren Kjell Grotle, legg vekt på å skape litt liv og røre rundt arbeidet ombord.

Tidskapsel
 

I Kystmuseet sitt opplegg med «Tidskapselen», prøver dei å ta elevane tilbake i tid og lære dei om korleis fiskaryrket og fiskeria var for kring 50 år sidan.


– Det er mykje hardt fysisk arbeid og ein blir sliten. Og viss ikkje ein klarer å ta fram det positive og ha det litt moro, då grev ein seg inn i ein mørk tunnel. Viss alle berre held kjeft heile tida, då er det ikkje noko interessant, seier han.


Elevgjengen i 9A som skeptiske seig ned på stolane i «klasserommet» under shelterdekk på Haugefisk, morgontrøtte med eit halvt auge på mobilen, fekk veldig lite behov for underhaldning over internett ut over dagen.

Hagefisks venner

Etter at dugnadskipper denne dagen, Svein Åge Sandvik frå Florø, tok sikkerheitsbriefinga, går førstekonservator Bjørn Fjellheim i gang med formidlinga på vegner av Kystmuseet. Elevane blir delte inn i grupper som skal sirkulere, først ein gjeng til å steike fiskeburgarar i byssa. Deretter ein gjeng til å lære knop og knutar, ein gjeng til å egne line og ein gjeng som får omvising i maskinrom, styrehus og autolinemaskina. Så byter ein på.

Dugnadsskipper Svein Åge Sandvik fortel om korleis han styrer skuta.

Dugnadsskipper Svein Åge Sandvik fortel om korleis han styrer skuta. Foto:



Drifta av Haugefisk er heilt avhengig av dugnadsgjengen i Haugefisks Venner. Politikar og veteranbåtentusiast Kåre Jarl Langeland brukar sitt store kontaktnett og ringer kysten rundt etter folk som kan ha lyst å ta ein tørn ombord. Det er lett å sanse at dei røynde sjøulkane har det sosialt og kjekt i lag. Men likevel dukkar spørsmålet opp om det ikkje finnest også andre drivkrefter som held dei gåande:

– Viss vi kan lære ungdommen det vi kan, så er det kjempegreier, understrekar Kjell Grotle.

– Men, det er dugnadsarbeid. Det går ei viss stund og so blir det kanskje litt for mykje. Vi håpar berre dei har nok folk til å byte litt på det. Elles så er fiskeri etter oljenedturen faktisk blitt eit slags statusyrke, i forhold til slik det var ein gong i tida då var på ungdomskulen. No er det meir ordna forhold. No kan ein jobbe ein månad og ha fri ein månad, i forhold til før- då måtte vi jobbe nesten heile året.

Egning av line for hand er ein kunst som er i ferd med å gå i gløymeboka.

Egning av line for hand er ein kunst som er i ferd med å gå i gløymeboka. Foto:


 

Mat i messa


Etter at lina vart sett i Hellefjorden er det nysteikte fiskeburgarar å få i messa. Då linene blir dregne eit par timar seinare byrjar moroa for alvor. Kjell Grotle er sjefen i luka og kleppar inn brosme og lange, medan pigghåen ligg og sprellar på dekk etter eit brutalt møte med nokkehjulet. Gutane løftar opp pigghåen etter sporden med ærefrykt, medan jentene med solide adrenanlinkick ler og skrålar i skrekkblanda fryd.

Nina Gjerdset er kontaktlærar for 9A:

– Ein veldig uvanleg og kjekk skuledag. Og veldig relevant. Opplegget er supert og alt går på skinner. Elevane kosar seg og dei lærer masse om gammal kystkultur. Dei fleste klarer å gjennomføre ting og får med seg det dei skal.

– Det er ikkje alle som toler fiskelukta?


– Nei, men det har vi fått til. Vi har ein avtale med elvane på det, fordi det går an å trekke litt friskluft i luka. Eg har jobba på Skaarfish sjølv i ungdommen og eg veit at lukta den går vekk etter kvart som ein blir vant til den.

 Elevar frå Flora ungdomsskule på fisketur med line i regi av Musea i Sogn og Fjordane, Kystmuseet og Den kulturelle skulesekken. Oppveging av fisk og føring av fangstdagbok.

Elevar frå Flora ungdomsskule på fisketur med line i regi av Musea i Sogn og Fjordane, Kystmuseet og Den kulturelle skulesekken. Oppveging av fisk og føring av fangstdagbok. Foto:



Til slutt ventar den største lekkerbiskenen for elevane. Tilbake ved kaia ved Haffen, er det kappløp for å komme seg inn overlevingsdraktene og få hoppe i sjøen. Ein kan trygt slå fast at Kystmuseet med dette formidlingsopplegget har klart å oppfylle ambisjonen om å vere eit levande museum.

Artikkeltags