Her jobbar dei kloden rundt

MØTE: Steinsvik si Mercatus-avdeling i Florø. Dagleg leiar Steinar Haveland Midtbø og nestleiar Kjetil Watnedal har møte med kollegaer i Austevoll, Chile og Vietnam.

MØTE: Steinsvik si Mercatus-avdeling i Florø. Dagleg leiar Steinar Haveland Midtbø og nestleiar Kjetil Watnedal har møte med kollegaer i Austevoll, Chile og Vietnam.

FLORØ: Som del av Steinsvik-gruppa har databedrifta Mercatus vakse frå vel ti til kring 35 medarbeidarar.

DEL

Mercatus-tilknytte folk kan du treffe på både i Tasmania, Quatar, Vietnam, Skottland, Norge, Chile og Canada. Men alt arbeidet som blir gjort, er å finne i «skya». Programvarene er web-baserte og derfor lett tilgjengeleg verda over.

LES MEIR OG SJÅ VIDEO I VÅRT MAGASIN, Hav av Moglegheiter.

– Utviklinga i selskapet er komen inn i ein meir moden fase, slik at med unnatak av salsteamet, så reiser vi mindre enn før. Grunna tidsforskjellane må service-desken vere fleksibel på arbeidstidene. Vinterstid har vi kundar spreidd over 19 tidssoner frå British Colombia i vest til Australia i aust, forklarer Steinar H. Midbø.

Mercatus har no 12 tilsette i Florø, ein i Austevoll og ein skotte som jobbar online frå Quatar. Steinsvik-avdeling i Chile tel åtte personar, medan det er 14 utviklarar i sving i Nha Trang i Vietnam.

Steinsvik Mercatus gjer det bra i konkurransen og vann nyleg ei stor kontakt med Nordlaks i Finnmark, som har 30 konsesjonar på lakseproduksjon. Mercatus sin største kunde, Marine Harvest, har dei jobba tett med sidan 2001.

– Marine Harvest er eit stort integrert system med produkssjon av rogn, settefisk, matfisk, eigen fôrfabrikk, eigne båtar, slakteri og foredling. Men våre system er attraktive også for dei små- og mellomstore selskapa i bransjen. Men software er ferskvare på same måte som brød frå bakeriet. Ein må ligge frampå i utviklinga, elles blir ein fort utdatert, understrekar Midtø.

Mercatus sine datasystem er delt i modulane Farmer, Future, Finance og Vet. Farmer blir brukt til å styre den biologiske produksjonen, Future blir brukt til produksjonsplanlegging, Finance koblar biologi til økonomi og finansiering. Vet-programmet blir brukt styring og dokumentasjon til fiskehelse.

For tida jobbar dei med å utvikle Farmer-løysinga slik at den brukast også på smarttelefon og nettbrett ute i felten.

Faksimile:  Firdaposten i  året 2001. Michael Dorfman og Knut Eikeland.

Faksimile: Firdaposten i året 2001. Michael Dorfman og Knut Eikeland.

    IT-verksemda Mercatus lever godt som del av Steinsvik-gruppa.

    Artikkeltags