Gründergenet klikka inn igjen

KUTTA TOPPJOBB: Leif Stavøstrand slutta i det han kallar den feitaste oljejobben i Florø for å drive gründerverksemd med faren.

KUTTA TOPPJOBB: Leif Stavøstrand slutta i det han kallar den feitaste oljejobben i Florø for å drive gründerverksemd med faren.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Far og son har hårete mål. I 2025 skal Evoy omsette for 900 millionar og vere med og redde klimaet ved å utvikle sjøens Tesla.

DEL

Leif Stavøstrand og faren Gunnar på Svanøy jobbar med å utvikle ein batteridriven elektrisk motor for fritidsbåtar og mindre yrkesfartøy.

«Tesla på sjøen» var overskrifta då Leif A. Stavøstrand (39) presenterte planane til selskapet. Målet er å bytte ut båtmotorar som går på fossilt brensel med elektriske motorar kopla til ein batteribank.

Kapitalbehovet er på 20 millionar kroner. Selskapet Evoy AS vart registrert i Brønnøysundregisteret i februar i år. Leif og faren Gunnar Stavøstrand (68) står bak. Dei gjekk inn med 100.000 kroner i aksjekapital og har seinare auka denne til 500.000 kroner. Gunnar Stavøstrand har tidlegare utvikla ny teknologi for oppdrettsnæringa, og også alternative ferjekaier og båtheisar. Målet er å utvikle ein elektrisk motor med ei rekkevidd som er god nok til 60 prosent av alle båtturar i Norge.

FAR OG SON: Gunnar og Leif Stavøstrand held til på Svanøya.

FAR OG SON: Gunnar og Leif Stavøstrand held til på Svanøya. Foto:

Leif Stavøstrand var fram til 1. april i år leiar for Saga Fjordbase AS, det INC-eigde selskapet som handterer røyr og anna logistikk på oljebasen i Florø. Han sa opp jobben for å gå for fullt inn i familieverksemda saman med faren. Stavøstrand har bakgrunn innan fiskeoppdrett og fiskeri, han er mariningeniør og har segla utanriks som skipskaptein, og han har teke ein mastergrad i forretningsdrift og administrasjon (MBA) på Handelshøyskolen i Bergen.

– Å slutte i fast jobb i oljebransjen er det tøffaste eg har gjort, seier Leif Stavøstrand.

Han sa farvel til millionlønn og topp-jobb som administrerande direktør ved Saga Fjordbase.

– Det blir litt meir knekkebrød enn før, men pengar har aldri vore ein motivasjon for meg. Det er det å skape noko som er- og har vore drivkrafta. Det var utruleg kjekt på basen, med gode kollegaer og framoverlente eigarar. Men eg har ikkje angra eit sekund.

Jobben som adm.dir. på Saga Fjordbase er den feitaste oljejobben i Florø, ifølge Leif sjølv, men oljedirektøren har blitt miljøforkjempar på sin hals. Det han er mest stolt av frå tida som oljedirektør, er Lean and Green-prosjektet, der eit samarbeid mellom aktørane på basen kutta utsleppa med mange tonn CO2. Dette blir likevel småtteri mot miljøgevinsten som ligg som eit potensial i Evoy, om dei lykkast med å oppnå måla sine.

Timinga er rett og marknaden er der. Og Elon Musk har gjort alt grovarbeidet for oss.

Gunnar og Leif Stavøstrand

Berre fritidsbåtane i Norge slepp i dag ut over ein halv million tonn CO2. Det er meir enn alle landets ferjer slepp ut samla. I tillegg kjem yrkesbåtane, som til dømes fiskeoppdrettarane, med like mykje utslepp. Desse er spesielt godt egna til å gå over til elektrisk drift, meiner Evoy-gründerane.

– Evoy skal skape- og selje, eit elektrisk framdriftssystem for båtar. Vi skal ikkje lage båtane. Det er minst 50 produsentar som jobbar med det, og er gode på det. Det vi skal gjere er å sette saman komponentar, kjent teknologi frå bilmarknaden, til ein ny pakke som kan brukast i båt. Marknaden er klart for dette, forklarar Leif.

– Elon Musk har gjort alt grovarbeidet, legg Gunnar til.

- Er det slik at de først og fremst rettar dykk mot fiskeoppdrettarane?

– Alle skal få, vi siktar både mot fritids og proffmarknaden, men med tanke på førstegongsinvesteringa ser vi at dette er spesielt godt eigna for oppdrettarane. Dess fleire timar du brukar i året, jo fortare blir investeringa nedbetalt. Oppdrettarane brukar båten 400 til 600 timar i året, og vil spare inn investeringa på eitt til to år.

Evoy har skaffa seg ein intensjonsavtale med Steinvik Fiskefarm. Prototypen skal vere klar i februar og skal testas ut der.

– Timinga vår er rett. Marknaden er der. 60 prosent av alle båtreiser er kortare enn 25 nautiske mil. Meir batterikapasitet treng dei fleste ikkje. Vi skal få til den teknologiske biten. Vi veit også at regjeringa lukter på tiltak for båtmarknaden, utan at det dermed er sagt at det kjem i denne runden, men det har vore på bordet. Dette kan bli ein stor næring.

I tillegg til Evoy driv Leif og Gunnar også selskapet Coast Innovation saman. Eit selskap som har auka omsetnaden, og levert overskot dei siste åra. Her er tanken at dei skal byte roller etter kvart.

– Her skal eg inn som dagleg leiar etter kvart, medan han far blir styreleiar og kan sparke meg litt på leggen innimellom, forklarar Leif, men far sjølv ser føre seg ein litt anna rolle.

– Eg hadde no tenkt å bli seniorkonsulent eg, og gjere slik seniorkonsulentar gjer. Gå i vegen og snakke tøv.

Bilbru frå Coast Innovation levert i oktober på Kongshus i Nord-Norge. Ein slepp å bruke hydraulikk, men regulerer berre vassmengda i pontongen i staden ved hjelp av trykkluft.

Bilbru frå Coast Innovation levert i oktober på Kongshus i Nord-Norge. Ein slepp å bruke hydraulikk, men regulerer berre vassmengda i pontongen i staden ved hjelp av trykkluft. Foto:

Artikkeltags