Gode resultat kan bety gullkanta investering

«EGGET»: Slik ser konseptet Egget ut. Marine Harvest har fått seks testkonsesjonar på 780 tonn kvar til å prøve dette.

«EGGET»: Slik ser konseptet Egget ut. Marine Harvest har fått seks testkonsesjonar på 780 tonn kvar til å prøve dette.

Artikkelen er over 1 år gammel

I ordninga utviklingsløyve ligg det at dei kan gjerast om til vanlege driftskonsesjonar. Kvar konsesjon har ein marknadsverdi på 140 millionar kroner.

DEL

Dei åtte søknadene som var godkjende fram til i sommar representer 53 konsesjonar, tilsvarande ein produksjon på 41.780 tonn.

I tillegg til dei åtte som er klar, er det seks konsept som har fått klarsignal for vidare vurdering, mellom dei Nekst.

Av dei som er godkjende - tronar Nordlaks med sin Havfarm på topp med best uttelling. 21 løyve omrekna til marknadsverdi av vanlege konsesjonar er på svimlande 2,9 milliard kroner.

Det som kjenneteiknar dei foreslåtte løysingane er å ta i bruk betong og eller stålkonstruksjonar basert på offshore-teknologi med heilt eller delvis lukka løysingar.

Dei som har fått godkjenning er:

Ocean Farming- havmerd- 8 konsesjonar

MNH Produksjon- Aquatraz- 4 konsesjonar

Marine Harvest - Egget- 6 konsesjonar

Atlantis Subsea Farming- Atlantis- 1 konsesjon

AkvaDesign- AkvaDesign- 2 konsesjonar

Norway Royal Salmon- Arctic Offshore Farming- 7 konsesjonar

Hydra Salmon Company- Produksjonstank- 4 konsesjonar

Nordlaks Oppdrett- Havfarm- 21 konsesjonar

HAVFARM: Eit skipsforma merdanlegg skal testast ut av Nordlaks og har fått 21 utviklingskonsesjonar.

HAVFARM: Eit skipsforma merdanlegg skal testast ut av Nordlaks og har fått 21 utviklingskonsesjonar.

Artikkeltags