Ei framtidsnæring

Gaute Vassbotten bur og arbeider i landets fiskerihovudstad Bergen.

Gaute Vassbotten bur og arbeider i landets fiskerihovudstad Bergen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

KronikkVisste du at vi i Sogn og Fjordane produserer over 500 millionar laksemåltid kvart år? Ikkje nok med det, så er miljøavtrykket frå denne laksen mindre enn 1/10-del av kjøttdeigen du nyttar i fredagstacoen din. Laksenæringa er ei berekraftig næring som syter for trygg mat, arbeidsplassar og verdiskaping til kyst og samfunn – ei næring verdt å satse på!
 

Du tykkjer kanskje no at eg er ein smule inhabil på området, med min bakgrunn frå ein oppdrettsfamilie. Men eg bygger på objektive fakta. Det krevst berre litt over ein kilo fiskefôr for å produsere ein kilo laks, og det er få råvarer som kan måle seg med dette.
 

Myten om at det fortsatt blir brukt større mengder antibiotika svirrar rundt på diverse medium i ny og ne. Dette stemmer faktisk ikkje. Av den totale antibiotikabruken i Norge går omtrent 0,5 prosent til produksjon av laks (273 kg), 10.3 prosent til produksjon av storfe (5 850 kg) og 89,3 prosent er forbrukt av menneske (51 177 kg).
 

Effektive vaksinar og førebyggjande tiltak syter for ein frisk fisk. At laksen er sunn for meg og deg blir kontinuerlig sjekka og er under streng kontroll. Årleg blir over 12 000 laks analysert for miljøgifter og resultata viser at desse er langt under kritisk grenseverdi. Samtidig er laksen rik på omega-3, vitaminar og mineralar som vi alle er avhengige av – spesielt no på vinterstid. Viss ikkje laksen var sunn og god, kva er det då som gjer til at Helsedirektoratet rår oss til å ete meir laks?
 

Som i dei aller fleste næringar, har også havbruk utfordringar. Lakselusa er ei av dei. Det er faktisk mindre lakselus enn før i anlegga, men strengare grenser har ført til at laksen må behandlast oftare for å oppretthalde dei låge grensene. Lusegrensa er låg fordi villaksen skal skånast, noko som også er i alle oppdretterar si interesse. Lakselusa er ein tilpasningsdyktig parasitt- som er ein naturleg del av naturen. Derfor må vi finne effektive og berekraftige metodar å handtere den på. Oppdrettarane jobbar iherdig kvar dag for å få bukt med lusa, og totalt sett vert det no investert fleire milliardar kroner i utstyr i kampen mot lakselusa. Luselasarar, mekanisk avlusing, luseetarar (rensefisk), havmerder, lukka merdkonsept og mykje meir. Skal vi innfri statens ynskje om mangedobling av lakseproduksjonen, så må vi naturlegvis få kontroll på lusa. Alle dei over 100 søknadane om utviklingskonsesjonar talar i alle fall for at viljen og innsatsen er tilstades hos oppdrettarane.
 

Men skal vi oppnå vekst, trengs det meir enn berre vilje. Vi treng kloke og engasjerte fagfolk, som kan løyse notidas og framtidas utfordringar. Med den teknologiske utviklinga som no skjer i havbruksnæringa, med resirkuleringsanlegg og anna spanande teknologi, vil ein framover trenge fleire ingeniørar og biologar. Og er du kompetansedyktig og villig til å bu i distrikta, så er du ein ettertrakta arbeidskandidat til ein jobb som kan by på ein spanande og variert kvardag i ei næring i rask utvikling. Det krevst også større politisk vilje og meir tilrettelegging for akvakultur.
 

Dei 100 søknadene om utviklingsløyve, er retta inn mot å finne løysingar utfordringane, men berre åtte søkjarar har fått godkjenning. Ytterlegare sju søkjarar har fått beskjed om at dei er gjennom nålauget. Likevel, har dei aller fleste fått minimalt med løyve på konsept som krev astronomiske investeringar og inneber betydeleg økonomisk risiko.
 

Eg tykkjer det er underleg at staten ikkje er meir positive til slike prosjekt, med eigarar som er villig til å satse stort for å realisere kostnadkrevande prosjekt som ein tidlegare berre kunne drøyme om. Signala har vore at det må investerast betydelege summar for å få gjennomslag for konsepta. Det fører til aktørane må bygge opp og samle mykje kapital for å realisere prosjekta. Ikkje alle aktørane har denne moglegheita. Gode idear med lågare investeringsbehov, som er verkar gode og lovande på papiret, blir ikkje prioritert. Dette er eit stort paradoks. Utviklingsordninga har utløyst den største innovative nytenkinga sidan oppbløminga av oljenæringa, men til suboptimal nytteverdi.
 

Eg høyrer stadig diskusjonar om at oppdrettsnæringa bør flyttast på land. Eg kan seie meg einig i at ei løysing på berekraftig vekst er å produsere noko laks på land. Mogleg opp til ein viss størrelse, som til dømes større smolt. Men å flytte heile næringa på land, er like surrealistisk for meg som å flytte landbruket på sjøen. Å flytte heile næringa på land vil krevje enorme landareal. I tillegg må vi ha plass til vekst samanlikna med dagens produksjon. Anlegga må naturlegvis plasserast ved kysten, med tilgang på sjøvatn og ferskvatn, samt krevje eit enormt energibehov for å syte for tilstrekkeleg mengde av nødvendige innsatsfaktorar som ein elles har naturleg tilgang på i sjø. Det krev også enorme investeringssummar og produksjonskostnaden per kilo vil verte langt over det normale. Skal ein oppnå ein berekraftig, fullskala produksjon av laks på land, må ein ha dei beste føresetnader for at produksjonen vert lønsam. Eg har tru på at visse område eignar seg til landproduksjon, men ikkje for 1,3 millionar tonn laks.
 

Verdas overflate består av meir enn 70 prosent sjø, og Noreg har en kyst med mange moglegheiter. Vi har optimale akvatiske forhold til å produsere laks i Noreg. Vi er blitt velsigna med ein fantastisk kyst, men likevel nyttar vi berre omtrent 0,5 prosent av vårt totale sjøareal. Samstundes er verdas befolkning estimert til å stige til ni milliardar i 2050. Skal vi klare å fø alle desse menneskja, må vi produsere meir mat, og kva betre måte er det enn å utnytte vår fantastiske havressurs?
 

Skal vi fortsette å vere den sterke sjømatnasjonen som vi er, så inneber dette blant anna meir satsing på havbruk. Det er ei viktig næring for samfunna omkring i landet, som syter for arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet. Meir tilrettelegging av havbruk vert essensielt for framtidig vekst, og ikkje minst å dyrke fram fleire dyktige og kompetente fagfolk med oppdatert kunnskap, med hunger for å løyse morgondagens utfordringar i havbruksnæringa!

Artikkeltags