Coast Seafood vil bli komplett sjømat-selskap

SATSAR: Dagleg leiar i Maaløy Seafood, Roger Skavøypoll (t.v.), og administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa, ser fram til oppgraderinga av anlegget til Maaløy Seafood. Foto: Sindre Blålid Kvalheim

SATSAR: Dagleg leiar i Maaløy Seafood, Roger Skavøypoll (t.v.), og administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa, ser fram til oppgraderinga av anlegget til Maaløy Seafood. Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Av

MÅLØY: Milliardkonsernet innan laks, Coast Seafood, satsar også på sild og makrell.

DEL

– Vi har ikkje tid til å lene oss bakpå, sa Coast-direktør Sverre Søraa, då han i mars presenterte planane for eit nytt fryselager i Måløy. Prislappen var 15–20 millionar kroner – det vil seie rundt 20 prosent av overskotet til Coast Seafood-konsernet i fjor.

Med ein omsetnad på over fire milliardar kroner i 2017 var ingen selskap i Sogn og Fjordane i nærleiken av Coast Seafood AS. Fjord1 ASA og Helse Førde HF var dei neste på lista med inntekter på 2,7 milliardar kroner kvar.

25 år

– Omsetnadsveksten er på 8–10 millionar frå 2016 og det betyr at vi kan seie at det er endå ein ny rekord, seier Søraa.

Neste år er det 25 år sidan han og Martin Øvrebø etablerte lakseeksportøren, som har utvida sortimentet og no definerer seg som eit sjømatselskap. Dei to måløyværingane eig framleis halvparten kvar av selskapet, og etter at Coast Seafood AS i fjor bokførte eit resultat før skatt på drygt 116 millionar kroner, har eigenkapitalen i selskapet no vakse til meir enn 460 millionar.

– Den heilt unike handlefridomen det gir oss finansielt, er noko som vi aktivt brukar til å styrke vår posisjon i marknaden, forklarar Coast-direktøren.

Måløy Seafood

I 2007 brukte dei denne handlefridomen til å kjøpe Maaløy Seafood. Anlegget er det siste fiskemottaket i Måløy sentrum som framleis er i drift. Dei siste åra har dei «nye» eigarane mellom anna brukt over 20 millionar kroner på å doble produksjonskapasiteten ved den pelagiske fabrikken.

MÅLØY: Med bygginga av eit nytt fryselager (heilt til venstre i dette bildet) vert det ein gang så travle fiskerinabolaget i sørlege Måløy for alvor «gjenoppliva». Foto: Sindre Blålid Kvalheim

MÅLØY: Med bygginga av eit nytt fryselager (heilt til venstre i dette bildet) vert det ein gang så travle fiskerinabolaget i sørlege Måløy for alvor «gjenoppliva». Foto: Sindre Blålid Kvalheim

– Pelagisk fisk vert stadig viktigare for Coast og vi vil fortsette å investere i Maaløy Seafood, seier Sverre Søraa.

Det neste året skal altså igjen eit tosifra tal millionar investerast i anlegget i form av eit nytt fryselager, som òg gir eigarane anledning til å modernisere andre funksjonar ved fiskemottaket.

Inn i sildolje

Samtidig satsar dei tungt på andre sida av Ulvesundet. Ved Pelagia sitt mottak på Trollebø leverer jamleg fartøy sildefangstar på over 1.000 tonn. Og saman med makrell og kolmule bidrar silda til stor aktivitet både ved det pelagiske mottaket og ved Pelagia-eigde Måløy Sildoljefabrikk. Sildoljefabrikken presenterte i august planane for ein ny fabrikk som skal vere i drift neste sommar.

– Det vert ein ny fabrikk og ei eiga linje der vi skal ta ut makrellolje frå avskjer frå fabrikkane i Måløy og Selje. Vi skal produsere olje godkjent for humant konsum og det får vi ikkje gjort i dagens fabrikk, forklarte COO i Pelagia Feed, Arnt-Ove Hoddevik.

Fabrikken vil styrke fiskerikonsernet sin posisjon i Ytre Nordfjord ytterlegare etter at Pelagia i mai opna det dei sjølve omtaler som «verdas mest moderne sildefabrikk.»

TROLLEBØ: Også ved Pelagia Måløy Sildoljefabrikk på fastlandssida av Ulvesundet skal det ein investere millionar det neste året. Ein ny fabrikk skal stå klar til sommaren. Foto: Sindre Blålid Kvalheim

TROLLEBØ: Også ved Pelagia Måløy Sildoljefabrikk på fastlandssida av Ulvesundet skal det ein investere millionar det neste året. Ein ny fabrikk skal stå klar til sommaren. Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Investeringane til Coast og Pelagia er venta å både trygge eksisterande, samt generere nye arbeidsplassar, i regionen. Coast brukar traineeordningane til Framtidsfylket i Sogn og Fjordane og sjømatclusteret i Bergen til å knytte til seg nye medarbeidarar. Coast-teamet har no vakse til 42 personar fordelt på hovudkontoret i Måløy og kontora i Bergen, Haugesund, Midtøsten og USA.

– Vi har dei siste åra brukt mykje tid og energi på å bygge organisasjonen Coast, seier Sverre Søraa, som understrekar at dette er eit pågåande arbeid.

– Å sjå at det allereie gir resultat er kjempegøy. Det ultimate målet for Martin og meg er å skape eit sjømatselskap som vil overleve oss.

Artikkeltags