20 klassar med på fiske

Dagen vart avslutta med å hoppe på havet. Det var populært å teste overlevingsdrakter.

Dagen vart avslutta med å hoppe på havet. Det var populært å teste overlevingsdrakter. Foto:

Mellom 3. september og 2. oktober var 9. klassar frå Gulen i sør til Selje i nord, med på linefiske med MS Haugefisk som er eigd av Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

DEL

I alt 20 klassar, 374 elevar, har takka ja til dette heildagstilbodet som er ein del av samarbeidsprosjektet «Tidskapselen» mellom Den Kulturelle Skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane. Målet er å gje ungdomane kunnskap om eiga fortid og styrke deira rotfeste gjennom besøk på eige museum.

– Sidan Kystmuseet har eit flytande og levande kulturminne i Haugefisk går vi med båten til elevane sin heimkommune, snarare enn å transportere dei til museumsanlegget i Florø, fortel formidlingsleiar Jorunn Bjerck ved Kystmuseet i Florø.

I opplegget skal elevane få kunnskap om fiskeri, ei avgjerande kystnæring i all si tid. Dei skal få delta i linefiske på tradisjonellt vis med handegning og med autoline og egnemaskin, den nye teknologien som vart innført på 1970-talet. Dei skal bli kjent med livet til dei som var fiskarar om bord i ein autolinebåt, på bankane kring Nordsjøen og langt av garde i havområda nord- og vestover.

Haugefisk, som er ein shelterdekka autolinebåt bygd i 1978, vart verna av Kystmuseet i 2005. Sidan då har Kystmuseet hatt sin eigen havgåande fiskebåt med eit mannskap av frivillige, mange av dei med bakgrunn i fiskerinæringa, som er med å arbeide for at denne delen av kystkulturen vert tatt vare på og formidla.

Elevane får vere mannskap om bord i Haugefisk for ein dag. Dei skal fiske med line på gamlemåten, skjere agn og egne lina for hand. Dei skal og nytte autoline-teknologien med egnemaskin. Dei arbeider i lag med røynde folk som har vore på fiske og som kjenner livet om bord i båten godt.

Artikkeltags