Gå til sidens hovedinnhold

Hærverk og forsøk på eldpåsetting i Kalvåg

Rundt klokka 16.00 laurdag har nokon gjort hærverk i lokala Knutholmen har i Frøyenhuset i Kalvåg.

Det skriv Jan Fredrik Fosse på Facebook laurdag kveld.

Han skriv at det er grisa med spraymåling. Kunst har blitt kasta ut av vindauget, og mest alvorleg: Dei har forsøkt å tenne på lokala.

– Hadde ein lukkast med å tenne på, og når vi veit kor tett husa står, så hadde heile Kalvågen reist, seier Fosse til Fjordenes Tidende som melde om saka først.

På Facebook skriv Fosse at det er gjort gode observasjonar av den skuldige. Alle spor tilseier at det er barn som har vore på ferde, og det beste for alle involverte er at saka blir avklart så fort som mogleg.

Hærverket er melde til politiet.

Kommentarer til denne saken