Mange reagerte med vantru då regjeringa for ei tid tilbake varsla endå ein gjennomgang av prosjektet Stad skipsunnel. Fredag enda saka i spørjetimen i Stortinget, der Ap-representant Ruth Grung ville ha svar frå samferdsleministeren på kvifor tunnelprosjektet trong nok ein runde med granskingar og avvegningar, den 21. eller 22. i talet sidan planane kom på bordet for godt over 25 år sidan.

– Kvifor har ikkje statsråden tinga denne kvalitetssikringa tidlegare og dermed ha oppdatert underlagsmateriale før statsbudsjettet blir lagt fram til hausten, ville Grung ha svar på, og viste samstundes til at den komande kvalitetssikring har frist så seint som 20. november i år.

Høg prislapp

I svaret sitt viste Hareide til Kystverket sitt forprosjekt som blei lagt fram i 2017, det same året som skipstunnelen kom inn i Nasjonal Transportplan. Forprosjektet viste at prislappen på tunnelen var kome opp i 3,7 milliardar kroner. Det var desse tala som fekk bremseklossane på frå Samferdsledepartementet si side, og Kystverket blei pålagt ein ny gjennomgang for å få ned kostnadane.

Fylkesutvalet løyvde pengar til skipstunnelen

– Denne gjennomgangen blei levert før sommaren 2019, og det er tiltaka som er føreslege her, som no skal gjennom ei oppdatert kvalitetssikring, forklarte Hareide under spørjetimen.

Han la også til at den komande kvalitetssikringa ikkje er å sjå som ei ny utgreiing av prosjektet.

Skulda på korona

– Det er snakk om ein uavhengig kvalitetssjekk. Kystverket har føreslege ting som medfører såpass store endringar i prosjektet at det er viktig å ta ei slik oppdatering av kvalitetssikringsrapporten, slo Hareide fast.

Han tok likevel kritikk på at arbeidet burde vore igangsett tidlegare, men viste til at koronakrisa har ført til omprioriteringar i vår.

– No er vi i ein litt annan situasjon, så desse sakene vil kunne få ei meir normal framdrift, svarte statsråden.