Hardt vêr på fjellovergangane, men E39 gjennom Våtedalen er open for trafikk igjen

DEL

Laurdag er nok ikkje dagen for å dra på langtur. I det minste bør du vere budd på at det kan bli vanskeleg. Nesten alle fjellovergangane på Vestlandet er anten stengd, eller har innført kolonnekøyring.

Rv7 over Hardangervidda er stengd.

Fv53 Tyin-Årdal er stengd.

E134 over Haukeli er stengd.

Fv50 Hol-Aurland er stengd.

Og Rv13 over Vikafjellet er stengd.

Ingen av desse vegane vil opne laurdag.

Når det gjeld Rv15 over Strynefjellet, E16 over Filefjell og Rv52 over Hemsedal er det i skrivande stund mogleg å kome seg over fjellet, men der er det kolonnekøyring.

Laurdag kveld melder Statens vegvesen at E39 gjennom Våtedalen er open for trafikk. Førebels berre med eitt køyrefelt.

Vegen har vore stengt i over eit døgn etter eit stort snøras i går ettermiddag.

Artikkeltags