Verken pensjonistlaget i Florø eller Eldrerådet i Kinn har vore til å misforstå. Sjukehustomta i Florø sentrum må leggjast til rette for dei eldre i åra framover. Her vil dei ha både seniorleilegheiter og ny sjukeheim til erstatning for Furuhaugane som skal leggjast ned.

Det er politikarane einige i, og administrasjonen i Kinn har utarbeida ein reguleringsplan for området, der det både er planlagd omsorgssenter og ny gymsal for barneskulen. Men tidlegare i sommar var politikarane på synfaring på området, og i det etterfølgande møtet i plan- miljø og næringsutvalet blei saka sendt tilbake til administrasjonen for fleire utgreiingar.

Rykk tilbake til start

Arne Rognaldsen og Reidun Espeland er høvesvis leiar for eldrerådet i Kinn, og leiar for pensjonistlaget i Florø. Dei er skuffa over politikarane i denne saka.

– Det er som dei spelar eit spel. Plutseleg kjem brikka på eit felt der det står «rykk tilbake til start», og så må ein begynne heilt på nytt igjen. Dei snakka om at det første byggesteget skulle stå ferdig allereie i 2023, men no som dei har forkasta reguleringsplanen blir ikkje dette avgjord før etter kommunevalet i 2023. Då kjem det eit nytt regime, og så er det tilbake til start igjen. Det er veldig frustrerande, seier Arne Rognaldsen.

– Dei snakkar og snakkar, men kjem ikkje til noko resultat. Reguleringsplanen slik den vart presentert var både god og visjonær, sjølvsagt med nokre justeringar. Marianne Grytten i administrasjonen har gjort ein kjempejobb, og så blir den berre sendt tilbake utan at dei seier kva dei vil ha i staden. Det er ikkje heilt bra, følger Reidun Espeland opp.

Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen har tidlegare uttalt at administrasjonen kan klare å ha ein ny eller justert reguleringsplan klar i løpet av eit drygt år. Altså tidlegast på hausten i 2023. I så fall kan første byggetrinn på eit nytt omsorgsbygg stå ferdig i løpet av 2025, med 100 etterlengta plassar.

Tungt løft for kommunen

Slik befolkninga utviklar seg vil behovet for nye omsorgsplassar bli større i åra som kjem. I tillegg vil fleire eldre bu heime, og trenge hjelp frå kommunen i det daglege. Det hastar med å få sett spaden i jorda, meiner Rognaldsen og Espeland.

– Eit nytt omsorgssenter blir eit tungt løft for kommunen, vi veit det, men det er snakk om lovpålagde tenester som kommunen må ha. No er det lagt opp til at eldre skal bu lengst mogleg heime, og det fleste ønsker jo også det, men det må vere eit tilbod der når det seier stopp, seier Rognaldsen.

Han meiner at det på eit tidspunkt kan bli aktuelt å søke hjelp utanfrå, frå fylkeslegen eller statsforvaltaren, om ikkje kommunen får på plass nok institusjonsplassar i løpet av dei kommande åra. Det er grenser for kva kommunen kan skyve over på andre.

– Så lenge ein bur saman med ein person er det ei anna sak, men å vere aleine 24 timar i døgnet, det går ikkje. Ein kan ikkje skyve alt over på frivillige og familie, det er ikkje slik det skal vere, seier Espeland.

Ho meiner det må gjerast meir attraktivt å jobbe i helsevesenet, og spør om det blir gjort nok på det området i Kinn kommune.

– Det er allereie skore til beinet overalt. Og det blir fleire og fleire gamle, og færre og færre unge. I Måløy er det krise, der er det personalmangel, meiner Rognaldsen.

– Har vi gode nok politikarar? Eg synest ikkje dei har vore så flinke her, seier Espeland.

Har dei gløymt oss?

Espeland og Rognaldsen meiner fokuset har dreia seg over på den nye gymsalen som Florø barneskule har behov for. Dei fryktar at dette skal gå på kostnad av det nye omsorgssenteret, og meiner politikarane tek for lite omsyn til dei eldre. I tillegg meiner dei at dei ikkje har fått vere like delaktige i planlegginga av det nye omsorgssenteret som det dei var blitt førespegla.

– Eg er kritisk til opplegget. Vi vart lova at vi skulle få vere med på prosessen, men det trur eg dei har gløymt. Dei seier at vi får vere til stades på møtene, men det kan jo alle. Det er ikkje å vere med på prosessene, seier Espeland.

– Vi har valt desse politikarane for å gjere ein jobb, men det verkar ikkje som om dei tek dei eldre på alvor. Eg veit ikkje kven eg skal stemme på til neste år, det blir vanskeleg, avsluttar ho.