Gå til sidens hovedinnhold

Har starta pumpene i Skatestraumtunnelen

Artikkelen er over 5 år gammel

Vart skrudd av for å hindre forureining av fjorden.

Etter brannen i Skatestraumtunnelen vart det bestemt å slå av pumpesystemet i tunnelen for å hindre at bensin og anna forureining skulle hamne hamne i sjøen.

Høg vasstand i oppfyllingsbassenget i Skatestraumtunnelen gjorde at pumpene i dag vart slegne på igjen.

Ikkje farlege gassar

– Brannmannskap har sjekka tunnelen for eventuelt farlege gassar, men ikkje funne noko. Dermed har vi no tilgang til tunnelen frå sørenden og ned til botnen, seier fungerande avdelingsdirektør for vegavdeling Sogn og Fjordane, Eivind Yttri.

– Det første vi gjorde var å sjå til oppfyllingsbassenget. Sidan pumpene har vore avslegne i fem dagar, har det samla seg mykje vatn i bassenget, og det var behov for å tømme det. Pumpene vart difor slegne på. Dei verkar tilsynelatande bra, så vi klarer å bli kvitt vatnet.

Sjå video: Slik ser det ut i tunnelen

Beskytte fjorden

Yttri fortel vidare at før dei kan begynne å spyle rein tunnelen for oske og brannrestar, vil dei legge ut lenser i fjorden der pumpevatnet kjem ut.

– Slik vatnet er no, så er det reint og klårt. Når vi startar nedspyling, kan det kome noko forureining som vi ynskjer å ha kontroll på, seier han.

Det er framleis for tidleg å seie noko om skadeomfanget, kostnader med dette, og kor lang tid det vil ta før tunnelen blir reparert.

– Eg håpar vi kan seie noko meir om dette innan nokre få dagar, seier Yttri.

Les også: Hentar ut hengaren i dag

Kommentarer til denne saken