Måndag var det trafikkaos og kø i Måløy. Årsaka var fjellreinsking i Sæterneset på fv. 5715. Fjellreinskinga held fram, og tysdag starta entreprenørselskapet Kveen AS arbeidet med å gjere den smale vegen meir framkommeleg.
Bilistane kan med andre ord vente seg meir kø på strekninga mellom Måløy og Halnes dei nærmaste dagane.
Det er Vestland fylkeskommune som eig vegen, og i fjor var arbeidet ute på anbod. Kveen AS frå Stryn fekk jobben med å utbetre vegen. Fjellreinskinga er det Mesta som tek seg av.
Ifølge Statens vegvesen sine trafikkmeldingar vil det vere vegarbeid på Fv. 5715 denne veka, med manuell dirigering. Frå 17. januar blir vegen stengd ved Sæterneset på grunn av sprenging i desse periodane: 08.15 – 09.15, 09.45–11.30 og 12.00–13.15.
Dei melder også om det kan bli ventetid på inntil 30 minutt ved Nakkeneset på same veg, torsdag og fredag denne veka.