Har SFE rett i sine «fake news»-skuldingar?

Jørund Nygård, styremedlem i Motvind Norge og Nei til vindkraft på Bremangerlandet.

Jørund Nygård, styremedlem i Motvind Norge og Nei til vindkraft på Bremangerlandet. Foto:

Av
DEL

Debatt: Nyleg starta eg eit opprop som har fått brei støtte, 5500 signaturar så langt, der eg ber om at eigerane av SFE trekker selskapet heilt ut av vindkraft. Dette gjer eg fordi prosjekta deira er ei skam, der samtlege turbinar dei vil sette opp er midt i vårt viktigaste fugletrekk. Klimaprofilen er også dårleg, med enorme inngrep i myr. Eg meiner at Vestland Fylke og eigarkommunane må ta trekke i nødbremsa no, for å hindre stor skade på dei sårbare og truga økosystema som vi menneska balansera oppå.

SFE svarar på utfordringa med eit lesarinnlegg ført i pennen av kommunikasjonsdirektør Jannicke Lindvik. Det er trist lesing at selskapet ikkje klarer å finne fordelar med vindkraftprosjekta sine å trekke fram, og i staden bruker all sin energi på å så tvil om truverdet til motparten ved å kalle objektive fakta for «feilinformasjon».

Det hadde nok ikkje passa seg for eit offentleg eigd milliardkonsern å peike ut ein enkeltperson blant vindkraftmotstanderane som dei meiner lyg, men samtlege uttalelsar dei trekk fram, er mine, og flesteparten av dei er med i oppropet.

Eg er smerteleg klar over at lista over skadeverknadar er såpass lang at det heile kan verke for gale til å vere sant. Men Staten sin eigen fagetat på natur, Miljødirektoratet, har rangert vindkraftprosjekta i Norge etter skade på naturmangfaldet. Stadlandet og Bremangerlandet er blant dei 4 verste. I tillegg kjem store skadeverknadar for befolkninga. Dette ser vi tydelegast på Haramsøya, der SFE var største eigar fram til 2018. Dei har planlagt alle vindprosjekt på same vis - alle andre interesser enn si eiga lommebok er satt til side.

Så til opplysningane som SFE meiner er «fake news»:

«Snor seg unna vegutbetring»: Lokal aksept for vindkraftprosjektet på Bremangerlandet var basert på at ein ville få utbetring av fv-616 på den 15km lange strekninga mellom Smørhamn og Oldeide. Den konkrete lovnaden, frå folkemøtet på Havly i 2006, var «veg med gul stripe». Det vart fastslått i konsesjonen at vegutbetringa var ein viktig del av prosjektet. Dette prøvar SFE no å klage seg vekk frå, der leiar i SFE Nett, Asgeir Aase, uttalte til NRK at det ikkje er økonomisk realisme i prosjektet dersom ein må utbetre vegen.

«Ikkje vil vedkjenne seg kontraktar med grunneigerane»: Eit fleirtal av grunneigerane har signert kontrakt med SFE. Men likefullt så stevnar SFE fleirtalet av grunneigarane for retten for å ekspropriere utmark og stølshus med tvang. SFE nektar å vedkjenne seg kontrakter som slår fast at dei ikkje skal bygge kraftlinjer på tredje part sin eigedom. SFE vil ikkje ha sjøkabel, men spenner kraftlinja mellom dei høgaste punkta på klippene mot Nordfjorden, utelukkande i urørt natur.

«Kraftlinjer på Hornelen»: Linja går langt inn på fjellmassivet Hornelen som ligger til vurdering som nasjonalpark i regjeringa og endar svært nært den populære turstien til toppen, i eit lysmerka luftspenn tvers over Skatestraumen. Heile området blir no klassifisert som eit nasjonalt kulturhistorisk landskap av Riksantikvaren.

«Forgifte drikkevatn»: Inngrepa med turbinar, vegar, steinbrot og trafostasjon er planlagt plassert midt i nedfallsfelta til drikkevasskjelder. Den drøye påstanden her, at dette ikkje skal gjere drikkevatnet forureina, er det SFE som står for.

«Store inngrep i terrengdekkande myr»: Området det skal byggast på er i stor grad terrengdekkande myr, der inngrep vil gje store klimautslepp. Dette kan etterprøvast ved å sjå satellittbilder eller offisielle kart som begge viser store myrer over områder der terrenget er i betydeleg helling og i bakkar. Regional fagmynde, Fylkesmannen i Vestland, beskriv SFE sine rapportar som villeiande, og meiner dei er utført av personar utan kompetanse på naturtypekartlegging.

«Øydelegge sendesignal til delar av vestlandskysten»: SFE sa til NVE at turbinplasseringane var gjort i samråd med Norges Televisjon (NTV). NTV skriv derimot i sin høyringsuttalelse at plasseringane var gjort mot deira protestar, samt at planane vil øydelegge for deira sendesignal i det digitale bakkenettet. I Gulen, så prøvde eit anna vindkraftselskap å etablere seg rundt hovudsendaren der, men måtte trekke seg då dei fant ut at det ville bli for kostbart med alle tiltaka for å erstatte tapte signal. På Bremangerlandet så nektar SFE å undersøke kva kostnadane vil bli – truleg i håp om å få sleppe å betale. Langs kysten av Sogn og Fjordane så er det berre to slike sendarar, Gulen og Bremanger. Neste nordover er ved Ålesund.

«Svertekampanje mot motstanderar»: SFE og deira støttespelerar påsto i vinter at vindkraftmotstanderane i Bremanger dreiv med hets, sjikane og mobbing, utan å kunne komme med så mykje som eit halmstrå av dokumentasjon. NRK sjekka om det var hets og sjikane frå motstanderar i Bremanger, og fant at det ikkje var noko belegg for dette. Det heile var definitivt ei kampanje for å sverte oss, det gjekk over fleire månedar, og det hadde svært reelle skadeverknadar.

SFE etterlyser eit felles kunnskapsgrunnlag, men dette er umogleg når dei vil ikkje vedkjenne faktagrunnlaget til dei kompetente fagmiljøa i Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Stadlandet og Bremangerlandet er begge unike landskap av stor nasjonal verdi, og SFE har fått sine vindkonsesjonar gjennom å undergrave naturverdiane. Om SFE skulle innrømme det reelle kunnskapsgrunnlaget, vil dei samstundes innrømme at konsesjonane er gjevne på feil grunnlag og dermed må trekkast.

Metodane dei nyttar for å presse gjennom skadelege vindkraftprosjekt mot grunneigerar, befolkninga og lokaldemokratiet si vilje er ikkje verdige eit selskap i offentleg eigarskap, og krev snarleg opprydding frå eigarane. I så måte vil eg hylle Fylkestinget for ungdom som nyleg gjorde vedtak om å jobbe for å hindre vindkraftprosjekta i fylket. Måtte dei vaksne politikarane vere like framsynte.

Jørund Nygård, Motvind Norge

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken