Har sett krisestab og har korona-kontroll

Ordførar Anne Kristin Førde i Bremanger.

Ordførar Anne Kristin Førde i Bremanger. Foto:

BREMANGER: – Vi har ingen påvist smitte, men har ti tilsette i karantene på grunn av reiseverksemd, fortel ordførar Anne Kristin Førde (Ap) .

DEL

Bremanger sette i verk beredskaps-planane sine den 12. mars og jobbar aktivt med ekstra tiltak dersom kommunen blir utsett for koronatilfelle når smittepresset aukar nasjonalt. Så langt ser det ut til at finnest ein klar fordel med at det er litt lenger mellom husa i Bremanger enn i tettstadene rundt om kring.

– Dei tilsette gjer ein framifrå jobb med tiltak for å hindre at dei mest utsette gruppene kan bli smitteutsett. Vi førebur også ekstra tiltak som vi kan setje i verk ved behov. Marcel Meijer planlegg no saman med Røde Kors tilbod om hjelp dersom nokon eller heile familiar skulle komme i isolat eller karantene på grunn av smittefaren. Vi kartlegg også alle personar i kommunen som har helsefagleg kompetanse- som kan takast i bruk dersom dei stiller seg til rådvelde, fortel ordføraren.

Krisestaben med ordførar, rådmann, kommunalsjefar og fleire andre nøkkelpersonar er i drift. Planen er vidare å involvere også sentrale arbeidstakarorganisasjonar.

Bibliotek, skular og barnehagar er stengt, men det er starta opp med fjernundervisning for elevane. Nokon lærarar jobbar frå sitt kontor, medan andre har heimekontor. fordi dei har barnehagebarn heime. Det er innført strenge restriksjonar på besøk i institusjonane innan helse og omsorg.

NAV-kontoret og rådhuset er stengt for publikum, men tenestene held fram som før via telefon og digital kommunikasjon.

I tillegg til Røde Kors ser kommunen på Saniteten som ein ressurs som kan takast i bruk.

– Vi riggar oss for worst-case. Eg oppmodar alle om å gjere sitt beste for å stoppe eller bremse smittespreiing, seier ho.


Artikkeltags