Som gutunge sat Sverre Magne Dyrstad med lange øyre og høyrde spanande historier frå krigen.
Som minstemann i søskenflokken, leika han med marinecapsen til broren Ragnar, som tenestegjorde i marinen under krigen.
Eg opplevde sjølv flyangrepet i Svelgen og det brende seg inn i eit barnesinn. Lenge etterpå vart eg redd då eg høyrde lyden frå separatoren på garden, fordi eg trudde det var flydur.
Har samla krigshistoriene til bremangerane i eit praktverk
– Sidan eldste bror min var marinesoldat under krigen, så har eg alltid vore oppteken av historier om dei som kjempa for Norges friheit.