Har oppretta hjelpetelefon for Kinn-bedriftene

KONTAKTPERSON: Korona-pandemien har slått ned i samfunnet som ei bombe. No lager Aksello ved Kari Brun Ågotnes og Kinn kommune eit sentral kontaktpunkt.

KONTAKTPERSON: Korona-pandemien har slått ned i samfunnet som ei bombe. No lager Aksello ved Kari Brun Ågotnes og Kinn kommune eit sentral kontaktpunkt. Foto:

Kinn kommune og vekstselskapet Aksello har no etablert eit sentralt kontaktpunkt for lokale bedrifter i samband med korona-pandemien.

DEL

Sjølv om sentrale styresmakter har kome med sentrale hjelpetiltak for bedrifter som slit i samband med korona-pandemien, betyr ikkje det at bedrifter ikkje treng råd og rettleiing. Difor har Kinn kommune no lagt til rette for at næringslivet i Kinn kommune og kystregionen skal kunne kontakte dei direkte.

– Det viktige for oss å få avdekka kva behov næringslivet og dei bedriftene vi har kontakt med har. Vi kan ikkje sjå inn i glaskula, men vi kan gi råd og rettleiing og hjelpe bedrifter så godt som mogeleg. Det er for at bedrifter skal kjenne seg litt mindre utrygge, seier seniorrådgjevar hos Aksello, Kari Brun Ågotnes

Aksello er Kinn kommune sitt offisielle kontaktpunktet til bedriftene i Kinn. Dei driv råd og rettleiing og dei har ulike samarbeidspartnarar som kan bidra til dei som har behov for det.

I same båt

Konsekvensane av viruset som har ramma verda er store, og det vil nok framleis eskalere. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for både personar og bedrifter, er avgjerande no. I tillegg til dei helsemessige effektane av situasjonen, er Kinn kommune oppteken av utfordringane og bekymringane til små og store bedrifter i kystregionen, skriv Aksello i ei pressemelding.

Eit samla storting presenterte måndag ulike økonomiske tiltak for å avhjelpe situasjonen. Å få oversikt over kva behov, ønskjer og tiltak som næringsaktørar i kystregionen ser for seg kan hjelpe no, er essensielt. Derfor har kommunen sett i gang samarbeid med Aksello som blir kommunens forlenga arm i beredskapsarbeidet mot næringslivet. Aksello arbeidar òg tett med NHO Vestlandet og andre aktørar, men ei bedrift treng ikkje å vere NHO medlem for å kunne få råd og rettleiing ifrå Aksello, presiserer Ågotnes.

Vegkart til informasjon

Aksello sine nettsider vil bedrifter finne oppdatert informasjon, tilgang til rådgjevarar, kjelder, tips og anna relevant kunnskap. Bedrifter som er medlem i NHO har eit godt digitalt, ope informasjonstilbod. Aksello oppfordrar bedrifter til å nytte NHO si nettside samt deira Facebook-side. Bedrifter som ønskjer ein sparringspartnar eller har driftsrelaterte spørsmål, kan fint kontakte Aksello.

Er du som arbeidstakar usikker på kva rettigheiter du har i denne situasjonen, anbefaler vi å nytte LO sine nettsider for tydeleg og oppdatert informasjon.

– Det viktigaste no er å stå politisk samla, vise dugnadsånd, å ta styresmaktene sine helseråd på alvor samt å sette seg inn i dei tiltaka som regjeringa har lagt fram. Vi skal alle hjelpe kvarandre og dele all nødvendig informasjon, fortel seniorrådgjevar Kari Brun Ågotnes som er å nå på telefon 982 36 999.

Artikkeltags