Vegtrafikksentralen Vest melde fredag kveld at Fylkesveg 61 ved Dombestein i Bremanger er stengt. Det er overhengande fare for ras som er årsak til stenginga av fylkesvegen, som går mellom Isane og Davik.

Klokka 10.41 melde Statens vegvesen at vegen er opna att, med status inntil vidare.