Det seier Joakim Grindheim (19), ein ekte Sandviken-gut, som saman med kompisen Thor-Fredrik har hatt tidenes mest engasjerande og kjapt innbringande sommarjobb. Men her er det ikkje snakk om å få betalinga via ein standard lønsslipp. Resultatet må skapast heilt på eigenhand.

Dei er blant dei kring 200 som har delteke i Ungdomsfiskeordninga 2020, for dei mellom 12 og 25 år. Det er Nærings- og fiskeridepartementet som står bak det årlege rekrutteringstiltaket, som har som målsetting å gje ungdom ein forsmak og innblikk i fiskaryrket. Ordninga er open mellom 15. juni og 7. august og det er lov å tene 50.000 kroner kvar.

– Vi er ferdige med kvoten vår og set kursen heimover så snart vi får plass på rutebåten for bil og båthengar. Det har vore utruleg gøy å jobbe med leppefiske her på Svanøya, konstaterer Joakim, som har fiska opp kvoten i løpet av nokre hektiske veker i juli. Men han er slett ikkje nokon nybegynnar. Gutane har kampert i huset til Joakim sine besteforedre, Leikny og Bjørn Henriksen. Bestefar er ein røynd kystfiskar og tidlegare bas på Florø-ringnotbåten »Rindenes»

– Eg har vore med bestefar og fiska leppefisk og hummar her på Svanøya, kvar sommar sidan eg var bitteliten, fortel han.

Gutane har hatt leveringsavtale med Marø Havbruk og levert bergylt, grøngylt og bergnebb som rensefisk i laksemerdane. Marknadsprisen på den mest effektive lakselus-etaren, berggylt, er på 33 kroner per stykk, medan dei andre er betalt med 13,75 kroner/stk.

– Er dette eit yrke du kunne tenke deg?

– Kanskje. Dette fisket om sommaren har i alle fall gitt meirsmak. Kanskje blir det ein ny tur for å fiske hummar.