Gå til sidens hovedinnhold

Har eingongsgrillen utspelt si rolle?

Norsk brannvernforening anbefaler å droppe eingongsgrillen, skriv foreininga i ei pressemelding. I tillegg rår dei til å ha med ein reiserøykvarslar når du er på tur.

Norsk brannvernforening meiner at eingongsgrillen har spelt ut rolla si og anbefaler å droppe han.

– Prioriter å grille på tilrettelagde plassar med ein grill som kan brukast om igjen, der dette er mogleg. Dersom du likevel nyttar eingongsgrill, er det viktig at denne står på eit underlag som ikkje kan ta fyr, sidan grillen kan vere svært varm på undersida. Etter at grillen er skikkeleg avkjølt, skal han kastast i ein grillkasse meint for eingongsgrillar, seier direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken