Laurdag 1. oktober rører Florø rockeklubb på seg igjen – og det på sjølvaste storstova for klubben, nemleg Haavebua. Då kjem Bergen Vista Social Club på besøk, noko som betyr karibiske rytmar, salsa – kort sagt musikk det er umogleg å stå stille til, og særleg om du er danseglad.

Det beviste bandet då dei seinast 5. august fekk heile Bryggen i Bergen til å gynge, då dei spelte opp til dans under Fjordsteam-arrangementet.

Bergen Vista Social Club såg dagens lys i Bergen i 2015, og somme har kanskje opplevd dei på Ole Bull Scene i vestlandshovudstaden, der dei gong på gong har spelt for utselde hus. I 2019 var dei offisielt husband på Tallships Races, dei har vore husband på Statsraad Lehmkuhl, og utover det spelt ei rekkje konsertar rundtom på Vestlandet.

– Eg veit mange i Florø saknar kveldar med musikk som verkeleg lokkar deg ut på dansegolvet. No er det på tide at rockeklubben rører på seg igjen, og eg trur dette kan bli ein fin kveld – kanskje særleg for den litt vaksne delen av florøpublikummet, seier Per Vidar Ottesen i rockeklubben.

Dermed fryktar han ikkje det som blir ein aldri så liten arrangements-kollisjon i Florø denne laurdagen.

– Dansekvelden på Haavebua er same helga som det er Oktoberfest i byen i regi av Florø Festeriforening. Men eg meiner desse arrangementa rettar seg mot så ulike delar av publikum at det ikkje blir noko problem, seier Ottesen.

Billettar til kvelden på Haavebua kan du kjøpe digitalt på Ticketco.no.