Her har du hundre spørsmål å bryne deg på i jula. Dei kjem i bolkar på ti og ti, med fasit under kvart tema. NB! Det er ikkje lov å scrolle for fort og jukse!
Tema jul:
1. Kven hadde hovudrolla i julefilmen «Jingle All the Way» frå 1996?
2. I kva land har juletretradisjonen opphavet sitt?
3. Kva får guten i julefilmen «Polarekspressen» av julenissen?
4. Kva dato er den tidlegaste første søndagen i advent kan hamne på?
5. Den gregorianske kalenderen er den mest brukte på verdsbasis, men kva dag fell julaftan på ifølgje den julianske kalenderen?
6. Kva land importerer vi flest juletre frå?
7. Kva tenner vi det fjerde og siste adventslyset for, i Inger Hagerups dikt «Adventslysa»?
8. Kva insekt er det vanleg å pynte juletreet med i Ukraina, i tillegg til tradisjonell pynt?
9. Til kva land flykta Josef og Maria med Jesus etter fødselen hans?
10. Ein av dei mest populære julesongane inneheld ikkje eit einaste ord om jul. Kva song?
Svar:
1. Arnold Schwarzenegger
2. Tyskland
3. Ei bjølle
4. 27. november
5. 7. januar
6. Danmark
7. Lengsel, glede, håp og fred
8. Edderkoppar
9. Egypt
10. «Bjelleklang» («Jingle Bells»)
Tema: Litteratur og kunst
1. Kva var verkelege namnet til forfattaren Cora Sandel?
2. Brageprisen for skjønnlitteratur gjekk i år til forfattaren av boka «Kniven i ilden». Kva heiter vedkommande?
3. Kven måla «Pike med perleøredobb»?
4. Henrik Ibsen gav ut sitt siste stykke i 1899. Kva er tittelen?
5. Kva er namnet på skulpturen som består av 121 menneskefigurar i Vigelandsparken?
6. Kven skreiv romanen «2666»?
7. Kva forfattar debuterte med diktsamlinga «Pigesind» i 1939?
8. Kva for eit berømt måleri vart stole frå Louvre i 1911?
9. Kven vart i 2022 tildelt Nobelprisen i litteratur?
10. I 1885 vart ein norsk roman forboden. Kva for ein?
Svar:
1. Sara Fabricius
2. Ingeborg Arvola
3. Johannes Vermeer
4. «Når vi døde vågner»
5. Monolitten
6. Roberto Bolaño
7. Tove Ditlevsen
8. Mona Lisa
9. Annie Ernaux
10. «Fra Kristiania-Bohêmen»
Tema: Geografi
1. I kva land er Juba hovudstaden?
2. Kva kommune vart innlemma i Larvik kommune 1. januar 2018?
3. Kva er Tyrkias høgaste fjellparti?
4. Kva land er sentrum for katolikkane?
5. Kva innsjø er Europas djupaste?
6. Kva øy er den største i Karibia?
7. Kvar ligg det såkalla «Stillhetens hav»?
8. Kva land i Europa har fransk, tysk og nederlandsk som offisielle språk?
9. Kva for ein amerikansk delstat blir kalla The Golden State?
10. Kva heiter den delen av Middelhavet som ligg mellom Italia, Albania og Hellas?
Svar:
1. Sør-Sudan
2. Lardal kommune
3. Ararat
4. Vatikanstaten i Roma
5. Hornindalsvatnet i Noreg
6. Cuba
7. På månen
8. Belgia
9. California
10. Det joniske havet
Tema: Historie
1. Kva var Annie Edson Taylor den første til å gjere?
2. Kven vann det første Tour de France i 1903?
3. Kva er Fanny Kaplan kjent for?
4. Kva for ein viktig kanal vart opna for skipstrafikk i 1869?
5. Når vart Tyskland ein nasjonalstat?
6. Kva heitte det mest berømte skipet til reiarlaget White Star Line?
7. I kva krig stod slaget ved Verdun?
8. Kva er det einaste av dei sju underverka i verda som er bevart?
9. Kva heitte Natos første generalsekretær?
10. Kvar vart Vidkun Quisling avretta?
Svar:
1. Segle ned Niagarafossen i ei tønne og overleve
2. Maurice Garin
3. Å ha utført eit attentat mot Lenin i 1918
4. Suezkanalen
5. 1871
6. «Titanic»
7. Første verdskrigen
8. Kheopspyramiden
9. Hastings Lionel Ismay
10. På Akershus festning
Tema: Politikk og samfunn
1. På kva dato starta Russlands invasjon av Ukraina?
2. I kva land er Bajram Begaj president?
3. Kven måtte gå av som partileiar og minister som konsekvens av pendlarbustadskandalen?
4. Kva parti representerer Danmarks statsminister Mette Frederiksen?
5. Kven sa i 2021 at FNs klimarapport er «kode raud» for menneskja?
6. Kva to parti inngjekk samarbeidsavtalen «Hurdalsplattforma»?
7. Kva dato vart Sverige og Finland formelt inviterte til medlemskap i Nato?
8. Kven er utanriksminister i Ukraina?
9. Kva delstat i USA måtte ha omval i mellomvalet 2022 ettersom ingen kandidat fekk over 50 prosent av stemmene?
10. Ei 22 år gammal iransk kvinne vart arrestert av moralpolitiet i Iran for feil hijab-bruk. Ho døydde nokre timar seinare av skadar påførte i varetekta til politiet. Kva er namnet hennar?
Svar:
1. 24. februar 2022
2. Albania
3. Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
4. Sosialdemokratiet
5. FNs generalsekretær António Guterres
6. Arbeidarpartiet og Senterpartiet
7. 29. juni 2022
8. Dmytro Kuleba
9. Georgia
10. Mahsa Amini
Tema: Natur
1. Kva grunnstoff er det mest av i jordskorpa, nest etter oksygen?
2. Kva slags dyr er ein nautilus?
3. Planeten Uranus vart oppdaga 13. mars, men kva år?
4. Kor mange tær har ein grevling på kvar fot?
5. Kva har det vitskapslege namnet «Tussilago farfara»?
6. Når vart «tursjokoladen» Kvikklunsj lansert?
7. Kva dyr er Noregs største mårdyr?
8. Kvar ligg skjoldbruskkjertelen?
9. Kva heitte dyrearten som døydde ut i Amsterdam Zoo 12. august 1883?
10. Kva ugleart er størst i verda?
Svar:
1. Silisium
2. Blekksprut
3. 1781
4. Fem
5. Blomen hestehov
6. 1937
7. Jerven
8. I halsen (nedanfor strupehovudet)
9. Kvagga
10. Hubro
Tema: Sport
1. Argentina vann finalen i fotball-VM i 1986, men kven tapte?
2. Kva for ein norsk utøvar vann tre OL-gull under dei alle første olympiske vinterleikane i 1924?
3. Kva betyr uttrykket «deuce» i tennis?
4. Kven vann EM i sjakk i år?
5. Kabaddi er eit lagspel mellom to lag, ei slags blanding av rugby og bryting. I kva land er det nasjonalsporten?
6. Kor mange spelarar frå kvart lag er på banen under ein ishockeykamp?
7. Dei olympiske leikane til antikken starta som ei feiring. Kven var feiringa til ære for?
8. Kven vart i 1956 første kvinne til å vinne Holmenkollmedaljen?
9. I Formel 1-raceet i år vann føraren Max Verstappen. Kva lag konkurrerer han for?
10. Kva er ein «pugilist»?
Svar:
1. Vest-Tyskland
2. Thorleif Haug
3. At spelarane har vunne tre ballvekslingar kvar, og stillinga er 40–40
4. Matthias Blübaum
5. Bangladesh
6. Seks
7. Guddommen Zevs
8. Borghild Niskin
9. Red Bull Racing
10. Ein boksar
Tema: Film og TV
1. Kven spelar hovudrolla i serien «Ida tar ansvar» frå 2022?
2. Kva betyr filmuttrykket «ikkje-diegetisk lyd»?
3. Kva år vart dei første Oscar-prisane delte ut?
4. Kven vann P3 Gulls «Årets artist» i år?
5. Kva for ein norsk film vart nominert til Oscar for beste internasjonale film og beste originalmanus i år?
6. I kva år vart filmen «Trollmannen frå Oz» lansert?
7. Kva heiter TV-programmet der ei gruppe deltakarar skal ta seg frå Lindesnes til Nordkapp?
8. Kva film vann Amandaprisen 2022 for beste barnefilm?
9. Kva rollefigur i TV-serien «Friends» sa replikken «How you doin’?»
10. Kven gøymde seg bak ulvemaska i «Maskorama» i år?
Svar:
1. Elli Rhiannon Müller Osborne
2. Innspelt lyd som er laga til i ettertid
3. 1929
4. Karpe
5. «Verdens verste menneske»
6. 1939
7. 71° nord
8. «Tre nøtter til Askepott»
9. Joey Tribbiani
10. Daniel Kvammen
Tema: Musikk
1. Kva to medlemmer av den norske rapgruppa Undergrunn sleppte i år sjølvstendige album?
2. Kva blir Beethovens femte symfoni kalla?
3. Kva år vart den franske musikkduoen Daft Punk danna?
4. Kva for ei norske rockegruppe hadde konsert i Oslo Spektrum 26. november, i høvet 30 fylte år?
5. Kven komponerte melodien til «O helga natt»?
6. Kva betyr musikkuttrykket adagissimo?
7. Av kven vart det første pianoet bygt?
8. Kor mange vers er det i «Musevisa»?
9. Kva er tittelen på det nyaste albumet til Taylor Swift, gitt ut i 2022?
10. Kven er vokalist i rockegruppa Postgirobygget?
Svar:
1. Jo Almaas Marstein (Marstein) og Jon Ranes (Loverboy)
2. «Skjebnesymfonien»
3. 1993
4. D.D.E.
5. Adolphe Adam
6. Svært langsamt tempo
7. Bartolomeo Cristofori
8. Åtte
9. «Midnights»
10. Arne Hurlen
Tema: Ti for barn
1. Kven var den første hunden i verdsrommet?
2. Kva heiter hovudstaden i Nederland?
3. Kven skreiv bøkene om Pippi Langstrømpe?
4. Kva er det største pattedyret i verda?
5. Kven bur i Det kvite hus i USA?
6. I kva by står statuen som blir kalla Fridomsgudinna?
7. Kva planet i solsystemet vårt er størst?
8. Kva land kjem pizzaen opphavleg frå?
9. Kva kunstnar har måla biletet «Skrik»?
10. Kva farge har molter når dei er modne?
Svar:
1. Laika
2. Amsterdam
3. Astrid Lindgren
4. Blåkvalen
5. Presidenten (Joe Biden)
6. New York
7. Jupiter
8. Italia
9. Edvard Munch
10. Gule/oransje