Arbeidsløysa i Norge er rekordlåg. I Florø er det fleire bedrifter som fortel at dei har problem med å få tak i folk for å halde oppe tilbodet folk er vant til. Korleis står det til med rekrutteringa i Kinn kommune no som sommarferien snart står for døra? Har dei fått på plass det dei treng av vikarar for sommaren?

– Vi ønsker oss fleire sommarvikarar. Både i Florø, men aller mest i Måløy.

Treng fleire hender

Det seier Stine Hovland ved personalavdelinga i Kinn kommune. Ho fortel at det er færre som har søkt sommarjobb innanfor helse og omsorg i Kinn kommune i år enn i fjor. Særleg i Måløy der det er 39 prosent færre søkarar i 2022 samanlikna med 2020.

I 2020 var det 92 som søkte etter sommarjobb i Måløy. I fjor var det 88, medan dei i 2022 berre har fått inn 56 søknadar til no.

Tilsvarande tal for Florø-delen av Kinn kommune er at dei fekk 79 søknadar i 2020, 124 søknadar i 2021, og 113 til no i 2022.

– Stillingsannonsen ligg framleis ute, med søknadsfrist den 5. juni, så vi håper det kjem fleire søknadar. Det er eit stort behov i Måløy. så det er berre å søke. Ein kan også ta direkte kontakt, anten med meg, eller med tenesteleiarane, oppmodar Hovland.

To år med pandemi

Dei relativt låge søkartala kjem sjølv om kommunen har vore aktivt ute for å rekruttere sommarvikarar i år, mellom anna gjennom å ha stand på dei vidaregåande skulane. Der fekk dei presentert seg, og dei elevane som fatta interesse kunne fylle ut søknaden umiddelbart.

– Det gjeld å vere kreative og «på» for å få inn folk, og det var fleire som søkte medan vi var der. Nokre av dei har også søkt i etterkant.

I Florø treng dei 6–7 vikarar til før det er fylt opp. I Måløy, der behovet altså er større, har ho ikkje tal på nøyaktig kor mange dei treng.

– Kva trur du er årsaka til at det er færre søkarar i år?

– Vi har diskutert det litt, men vi veit ikkje. Det kan vere litt spesielt i år fordi vi har hatt to år med pandemi, og no kan folk endeleg reise igjen? Kanskje er det også slik at mange studentar no jobbar meir året i gjennom, og ikkje lenger har det same behovet for å jobbe på sommaren, spekulerer Hovland.

Haldningsendring

Trass i at dei gjerne skulle hatt fleire søkarar på sommarvikarstillingane, går Hovland langt i å love at det ikkje skal gå ut over kommunen sitt tenestetilbod i sommar. Men færre søkarar og ei haldningsendring blant dei unge gjer at dei må vurdere om dei skal tenke nytt neste sommar.

Til no har Kinn kommune delt ferien i to, slik at ein har ferie anten tidleg, eller seint på sommaren. For å få feriepuslespelet til å gå opp neste sommar vil dei vurdere å heller dele sommaren i tre.

– Det har vore ei endring dei siste åra. Dei unge vil ikkje lenger bruke heile sommaren på å jobbe, og dei er opptatt av at dei skal ha fri i spesielle helger. Det gjer at det er krevjande for tenesteleiarane å lage ein ferieturnus. Neste år må vi vurdere om vi skal planlegge ferien annleis, og heller dele sommaren i tre. Det har dei gjort i mange år i Helse Førde.

Du må i utgangspunktet vere fylt 18 år for å få jobb som sommarvikar innan helse og omsorg i Kinn kommune. Men nokre 17-åringar som har starta på helsefagleg utdanning har også fått jobb i år. Dei skal ikkje jobbe aleine, og vil ha erfarne folk med seg heile tida.

Må bruke vikarbyrå

Også i Bremanger merker dei at det er færre søkjarar no enn tidlegare. Kommunalsjefen for helse i kommunen, Randi Ytrehus skulle gjerne hatt fleire, men meiner at det har ein samanheng med at det er færre ungdommar i kommunen no.

– Vi lyser ut sommarvikarstillingane ganske tidleg, og vi kontaktar dei som har vore vikar tidlegare for å høyre om dei vil ta ein sommar til, og det er det mange som vil. Vi har mange flinke vikarar, og mange som kjem igjen kvar sommar., men vi skulle gjerne hatt fleire søkjarar, seier Ytrehus.

Ho fortel at sommarferien er planlagd lang tid i førevegen. Dei legg ferie inn i årsturnusen for å sikre at dei har folk på jobb. Folk som går i helgestillingar medan dei utdannar seg er ofte interessert i å jobbe ekstra i ferien, og det får dei lov til. Lærlingar tek dei godt i mot, og ungdom får lov til å jobbe sommaren før dei begynner som lærlingar.

Dei kjem likevel ikkje utanom at dei må bruke vikarbyrå for å fylle opp.

– Vi må spe på frå vikarbyrå, for tenestene skal vere gode nok, og ferie skal folk ha, konstaterer Ytrehus.