Hjortejakta er så smått i gang på Vestlandet, og på mange kjølerom både i Kinn og Bremanger heng det allereie flotte viltslakt som jegerane snart kan fordele seg imellom og dytte i fryseboksen.

Men kva med overskotskjøtet? Korleis kan ein selje denne flotte råvara utan å bryte lover og reglar?

Nøkkelen til å gjere dette rett, ligg i den såkalla feltkontrollør-ordninga. Ved innføringa av Matlova i mars 2010 blei det laga ein bransjestandard mykje lik den som hadde eksistert i Skottland i mange år. I praksis munna den ut i eit kurs som jegerane kan ta, for å bli godkjende som feltkontrollørar. Førehandskravet er at jegeren må ha vore storviltjeger i fem år og ha handtert minst 20 hjortevilt.

Ein feltkontrollør får retten til å godkjenne viltslakt frå eige jaktlag for vidaresal, etter gitte krav som ligg i bransjestandarden. Forutan kontroll for sjukdom og god hygiene, er eit viktig krav at dyret skal merkast, loggførast og at det ikkje kan delast opp i fleire enn maksimum åtte delar. Når dette er gjort, og kjøtet er tydeleg merka med godkjenningslappar, kan det skifte eigar.

Så langt, så vel. Men ein ting er kjøtflyt. Ein annan ting er pengeflyten. Ein del jaktlag har vore usikre på kva regelverket seier om korleis ein kan kjøpe og selge viltkjøtet, utan å få skatteetaten på nakken.

Slik ordnar du betalinga lovleg

Ei som har jobba med informasjon rundt dette, er Aud Slettehaug i Kompetansenettverket for lokalmat i Vestland. Ho seier at både regelverket og verktøya du treng for å selge hjortekjøt til ein butikk eller restaurant, er relativt enkle:

– Jaktlaget ditt skal ikkje betale noko moms. Og når de sel kjøt til ein momspliktig kunde, er dette kunden sitt ansvar. Som privatperson eller representant for jaktlaget kan kvar enkelt privatperson i laget selge kjøt til ein verdi av 10.000 kroner, utan noko krav om at dette blir ført opp som inntekt, seier Slettehaug.

Men kva så med verksemder eller aktørar som krev faktura? Det er heller ikkje noko problem i dag, om du har eit minimum av kunnskap i å bruke ein pc.

– I dag finst ei rekkje gratis faktureringsprogram tilgjengeleg på nett, som du enkelt fyller ut med sendar, mottakar, kontonummer og nokre andre opplysningar, og som fungerer heilt fint, seier Slettehaug.

I det store og heile har ting blitt ganske så enkelt, meiner Slettehaug. Men det finst framleis nokre fallgruver:

– Ein ting er regelverket heilt tydeleg på: Sjølv om mange kundar ønskjer å kjøpe beinfritt og gryteklart kjøt, så kan du ikkje gå i gang med å beine ut, skjere ned og vakumere hjorten og selge den heilt oppstykka. Skal ein gjere denne jobben, så treng ein produksjonslokale godkjent av Mattilsynet, og her er hygienekrava heilt annleis enn for kjøkenbenken din heime, strekar ho under.

Inga utbeining, takk

Finst det då nokre grep for å kome seg rundt det faktum at mange i dag kunne ønske seg ein hjortebiff, men har null peiling på å skjere ned kjøt?

Svaret er eit betinga ja. Om du passar på å selge slaktet ditt i maks åtte delar og fysisk levere det til kunden, så er det ingen reglar som hindrar deg i å bli med heim til kunden og hjelpe hen med nedskjering og finpartering.

– Mat har blitt svært dyrt på kort tid. Kva er rett pris for hjortekjøt i dag, og sel jegerar og rettshavarar kjøtet sitt for billeg?

– Eg vil ikkje meine noko om det generelle prisnivået. Eg er oppteken av to ting: Det eine er å utnytte så mykje som mogleg av kjøtressursen. Her er det framleis mykje å gå på, etter mi erfaring. Eit godt døme er at det blir lagt att altfor mykje innmat i skogen, i form av hjarte, tunge og lever. Det andre er at jaktlaga kanskje ikkje er flinke nok til å differensiere prisane på dei ulike delane av dyra, samt å justere pris opp mot kvaliteten på vara dei sel. Det er forskjell på nakke og ytrefilet. Om eg til dømes skulle kjøpe meg to hjortelår, så ville eg ikkje reagert på om prisen på dette låg ein stad mellom 200 og 300 kroner kiloen, seier Slettehaug.

– Suksess med forbetringspotensial

Det har gått 13 år sidan feltkontrollør-ordninga blei innført, ei ordning som nyleg avtroppa leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim har vore tett involvert i. Over 12.000 norske storviltjegerar har teke kurset, i overkant av 2000 av dei i regi av Norsk Hjortesenter – enten på Svanøy eller andre stadar i landet der Hjortesenteret har arrangert kurs.

Solheim vel å kalle kurset «ein suksess, men med manglar». Han grunngjev det slik:

– Vi har dei seinare åra tilbydd eit todelt kurs. Den eine delen er det obligatoriske, teoretiske feltkontrollørkurset. På dag to køyrer vi eit praktisk slaktekurs. Vi ser tydeleg kor mykje meir utbyte jegerane har når dei også får praktisert det dei har lært teorien rundt, dagen før. På sikt er mitt håp at feltkontrollørkurset også får ein obligatorisk, praktisk del, seier Solheim.

Norsk hjortesenter har i mange år engasjert seg i å heve kvaliteten på jegerane si handtering av viltkjøtet, gjennom kursing og informasjon. Men også styremaktene har sett temaet på dagsorden. Verdiskapinga basert på viltkjøt har eit stort potensial, og i 2019 blei ein handlingsplan for næringsutvikling basert på haustbare viltressursar lagt fram av ei arbeidsgruppe nedsett av Landbruks- og matdepartementet.

Og det er kanskje ikkje så rart om ein ser følgjande enkle reknestykke: I Kinn og Bremanger blir det årleg tildelt rundt 2000 fellingsløyve på hjort.

Om du reknar ein fellingsprosent på 80, snittvekt på dyra på 40 kilo og ein kilopris på 125 kroner, vil årleg kjøtverdi på hjorten i våre to kommunar runde åtte millionar kroner.

Vil du hive deg rundt og bli godkjent feltkontrollør, har du sjansen allereie om ei dryg veke. Fredag 15. september går det kurs i Nordhordland, nærmare bestemt på Alver Hotell i Vestnes, i regi av Norsk Hjortesenter.

Mattilsynet: - Stort sett nøgde

Hjå Mattilsynet si avdeling for Sunnfjord og Sogn sit Gro Eliassen. Ho sende nyleg ut ei utfordring til fleire lokalaviser i forkant av jaktstarten, der ho ber om drahjelp for å informere jegerane om regelverket.

– Vi har utarbeidd ei oversikt som viser kva jegerar utan feltkontrollørgodkjenning kan gjere, kva feltkontrollørar kan, samt ein del informasjon vi håpar kan vere nyttig. Vi gjer dette fordi vi over tid har sett at det rår usikkerheit blant både jegerar og rettshavarar om kva lovverket eigentleg seier, fortel ho.

Oversikta frå Mattilsynet kan du lese her.

– De har hatt oversynet med korleis feltkontrollordninga har fungert, opp mot til dømes restaurantar og butikkar i 13 år. Kva er konklusjonen?

– Vi har sjølvsagt funne nokre avvik under kontrollar. Men vi har også funne mykje bra.

– Har ordninga gjort det lettare for dei som ikkje har direkte kontaktar mot jaktlag, å få tak i hjortekjøt?

– Det kan vi ikkje seie noko sikkert om. Mitt inntrykk er at om du bur i distrikta, så er det ikkje mangel på kjøt i marknaden. For folk i storbyane kan eg tenke meg det er litt meir vanskeleg.