Gå til sidens hovedinnhold

Har du ein slik som leiketøy eller jobbverktøy? No er reglane og krava endra

1. januar kom det nye reglar for droner og droneflyging. Den største endringa er at det ikkje lenger betyr noko som du er proff eller amatør.

Ved årrskiftet kom det nye reglar for droneflyging. I staden handlar det om kva du gjer og kva type drone du flyg, skriv nettsida foto.no.

Luftfartstilsynet har no delt droneflyging inn i tre kategoriar; open, spesifikk og sertifisert.

I open klasse er dronane under 25 kilo totalvekt. Du kan ikkje flyge høgare enn 120 meter og du må til ei kvar tid sjå dronen din.

Spesifikk klasse er for oppdrag med høgare risiko, eller viss krava til vekt, høgd og visuell kontakt ikkje kan oppfyllast.

I den sertifiserte klassa er regelverket førebels ikkje klart, men den klassen vil omfatte operasjonar med bemanna flyging, som til dømes transport av gods eller passasjerar.

I den opne klassa er det ulike krav om du flyg over, nær eller unna folk på bakken. Alle typar droner som veg meir enn 250 gram eller har kamera, må registrerast. For alle droner som veg mer enn 250 gram må piloter ta nettkurs og netteksamen. Operatøren er også pålagt å merke dronene sine med operatørnummer.

Kva så med dei som allereie har sertifisert seg? Svaret er at dei også må ta nye kurs etter den nye standarden, men at ein har tida på seg fram til 2022 for å gjere dette.

Dei nye reglane skal også gjere det enklare å ta droner med seg ut av landet for ulik bruk, fordi regelverket no blir likt i heile EØS-området.

Vil du setje deg inn i detaljane og dei nye retningslinjene, kan du gjere det på denne sida hjå Luftfartstilsynet.

Kommentarer til denne saken