Har analysert 225 korona-prøver

Helse Førde analyserte 225 korona-prøver onsdag. Ingen av dei var positive.

DEL

Det melder helseføretaket på sine nettsider.

Samstundes er det no ein pasient innlagt på Førde sentralsjukehus med Covid-19: Pasient innlagt med Covid-19

Så langt denne veka er det meldt om ei ny positiv koronaprøve. Den kom tysdag, og var ein innbyggar i Gulen. Gulen kommune informerte onsdag om at dei hadde ein innbyggar som var smitta, men at dei då ikkje visste kvar smitten kom frå. Dei driv med smittesporing, og den smitta er i isolasjon. Personen har hatt få nærkontaktar, ifølge Firda.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken