– Dette brenn eg for!

Nils Jakob Bakke Nydal hadde ikkje vore med på UKM før, men likte konseptet godt. – Det å stå på ei scene skal vere kjekt, meiner han, og det såg det ut til at det var, sjølv om han ikkje gjekk vidare denne gongen.alle Foto: Malin Askevold Helle

Nils Jakob Bakke Nydal hadde ikkje vore med på UKM før, men likte konseptet godt. – Det å stå på ei scene skal vere kjekt, meiner han, og det såg det ut til at det var, sjølv om han ikkje gjekk vidare denne gongen.alle Foto: Malin Askevold Helle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Nils Jakob Bakke Nydal er 14 år. Han har halde på med skodespel og musikk så lenge han kan hugse.

DEL

Laurdag var han for første gong med på UKM i Florø, der han spelte fløyte til «Annie’s Song» av John Denver saman med musikklærar Leszek Michalski på piano.

Likar konseptet UKM

– Det er første gong eg er med på UKM. Eg har vurdert det fleire gongar. Det som skjedde no, var at eg vart spurd av musikklæraren min. Eg tenkte å melde meg på litteratur og lese opp ein tekst eg har laga sjølv, men er glad for at eg fekk moglegheita til å spele fløyte her i dag.
Han spelar ukulele, gitar, piano, trommer og fløyte, og han likar godt å synge.
– Det er ikkje første gong eg står på ei scene. Men det er første gong eg er med på UKM der ein kan gå vidare. At ein får moglegheita til det, det likar eg, smiler han.

Skodespelar-draumar

Nils Jakob kjem frå ein familie som er interessert i musikk og den store draumen hans er ikkje langt borte frå musikken.
– Det er berre så kjekt! Å stå på ei scene og utrykke seg gjer verkeleg meirsmak. Det eg likar med musikk er samspelet med andre og det å få lov til å vise seg fram. Men draumen min er å bli skodespelar.
Nils Jacob har tips til dei som sit med eit talent dei ikkje tør å ta med til scena:
– Det å stå på ei scene skal ikkje vere noko forferdelig eller negativt, det skal vere kjekt. Eg kan garantere at det er verdt det.
Dei som gjekk vidare, var Daria Rosu - piano, Moments Musicaux - Franz Schubert, Søstrene Tango - cello/trekkspel, Libertango - Astor Piazzolla. Kunst: Anthon Behme - I' m lovin it og Money makes the world go round - Emilie Hjertenes Aguirre - Ulv, Hanna Haugen Strand - Skyene, Nataliya Romanets - Belial.

Artikkeltags