Regnet i juni gav netthandelsrekord

Regnveret får folk til å handle på nett - i juni auka netthandelen i Norge med heile 15 prosent samanlikna med solfylte juni i fjor.

DEL

Ifølge tall frå Meteorologisk Institutt var juni i år den åttande våtaste månaden sidan målingane starta i 1900. Det kom 50 prosent meir nedbør enn normalen denne månaden.

Samstundes viser ferske tal frå Klarna at salsvolumet i dei same nettbutikkane i juni i år auka med heile 15 prosent, samanlikna med den langt meir solfylte juni i fjor. Antall kjøp auka med nesten åtte prosent.  Det er ny rekord i juni.

- Dårlegare sommarvêr er sannsynlegvis ein av forklaringane på dette. Samstundes ser vi ein aukande tendens til at både tilgjengelegheiten til nettbutikkar på mobil og moglegheiten til å bestille varer som du først betalar når feriepengane eller skattepengane er inne på konto, gjer at nettshoppinga er aukande også når sola skin, seier kommersiell leiar i Klarna Norge, Jens Rygg.

Vestlendingane mest påverka av vêret når dei netthandlar

Klarna handterer mellom ein tredel og halvparten av all onlinehandel i Norden. I Norge brukar meir enn 5000 nettbutikkar deira betalingsløysingar. I ei representativ undersøking dei har fått utført framgår det at nordmenn ikkje er så opptekne av om sola skin eller ikkje når dei handler på nett.

  • 49 prosent oppgir at dei handlar like mykje om det er fint eller dårleg vêr. Berre 5 prosent seier dei handlar meir om sola skin ute.
  • Mens berre 1 av 4 nordmenn i dei andre regionane i Norge i gjennomsnitt oppgir at dei handlar mindre om vêret er fint, er andelen blant vestlendingane heile 36 prosent.

- Vêret betyr mindre og mindre for folk sine handlevaner på nett. Det påverker sjølvsagt kva vi kjøper, men ikkje om vi kjøper. Er det strålande sol dukkar det opp andre behov enn om regnet pøser ned, seier Rygg.

Handlar meir etter midnatt

Også når på døgnet folk handlar endrar seg om sommeren. Mens handletoppen i året elles er kveldstid, er shoppinga spreidd jamnt utover heile døgnet i fellesferievekene.

- Det vert handla like mykje midt på dagen som det vert gjort klokken 21 om kvelden. Det er også langt fleire enn vanleg som sitter oppe utover sommernatta og gjer sine nettinnkjøp.

Humøret påverker dei unge sitt handlemønster mest

Regnfulle lange dagar på hytta eller i båten, kan også gjere at fleire handlar på nett, rett og slett fordi dei kjeder seg eller kosar seg.

Sjølv om 58 prosent av dei spurte i undersøkinga oppgir at dei ikkje ofte handlar på nett om dei kjedar seg eller for kosens skyld, påverker dette i større grad dei unge nettshopparane.

  • Heile tre av ti 18-29 åringar oppgir at dei ofte handlar på nett når dei kjeder seg.  Det er meir enn dobbelt så stor andel som i befolkninga generelt.
  • 17 prosent av dei mellom 30 og 39 år handlar ofte på nett når dei skal kose seg.  Generelt oppgir ein av ti nordmenn at dei ofte netthandlar for å kose seg.

Om du handlar eit produkt i affekt og angrer etterpå, så kan du sende produktet tilbake heile 14 dagar etter du har motteke varen. Mange butikkar tilbyr både fri frakt og fri retur, og nokre butikkar har både 30 og 100 dagars returrett.

Artikkeltags