Vann begge kampane - klarer dei å vinne over serieleiaren?

G18 i Lerøyserien. Arkivfoto

G18 i Lerøyserien. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Florø sitt G18-lag vann begge laurdagens kampar i Lerøyserien. Søndag venta "finalen" mot serieleiar Bækkelaget.

DEL

24. – 25. februar er det handballfest i Florø idrettssenter. Då arrangerer Florø SK Handball kampane til runde 3 i Lerøyserien 2017/2018, ei riksdekkande turnering med landets beste 18-åringar.

Hausten 2017 spela 41 lag kvalifiseringsrunder og 16 lag gjekk vidare.

- Vi er stolte over at Florø var eit av dei laga som greidde å kvalifisere seg. Det er ikkje berre Florøgutar i laget vårt. Florø har eit godt sportsleg samarbeid med klubbane frå Eid, Viking og Gloppen, skriv Florø SK Handball på si heimeside.

Tapte etter thrillerkamp

Søndag spelte Florø-laget mot serieleiar Bækkelaget. Det vart ein svært spennande og jamn kamp, med god stemning og høg temperatur på tribuna, men Florø tapte til slutt 24 - 20.

Skjermdump frå Firdaposten sin livestream av kampen.

Skjermdump frå Firdaposten sin livestream av kampen.

Vann begge

Florø spelte to kampar laurdag, og først ut var Konnerud. Her vann heimelaget 29 - 22.

Jakob Aven stod for ni av Florø-målene, Bjørn Mathiassen noterte seg seks mål, Tarjei Vereide fem, og Viljar Ødelien, Jonas Frøyen og Lars Henrik Hygen hadde alle tre mål kvar.

Laurdagens andre kamp var mot Fyllingen Bergen, også her gjekk heimelaget sigrande ut, med det komfortable og solide resultatet 26 - 17.

Også denne kampen stod Jakob Aven for flest mål, med fem nettkjenningar. Tarjei Vereide kunne notere seg fire mål, det kunne også Jonas Frøyen og Anders Strømmen. Thomas Berhane, Bjørn Mathiassen og Lars Henrik Hygen scora tre kvar.

Her er heile stallen til Florø:

Terence Leftwich, Eid,  Adrian Hanebrekke, Eid,  Tarjei Vereide, Gloppen,  Robart S.Jansen, Viking,  Lars Henrik Hygen, Viking,  Mathias Malmo, Viking,  Bjørn Mathiassen, Viking,  Ulrik Erikson, Viking,  Agash Puthi, Florø,  Viljar Ødelien, Florø,  Jonas Frøyen, Florø,  Håkon Strømmen, Florø,  Thomas Berhane, Florø,  Anders Strømmen, Florø,  Leander Humlestøl, Florø,  Jakob Aven, Florø.

Her er tidsplan for kampane, og kampresultat:

Laurdag 24.02.18:

12.00: Florø - Konnerud      RESULTAT:  29 - 22

13.30: Bækkelaget - Fyllingen Bergen RESULTAT: 27 - 20

16.30: Konnerud - Bækkelaget  RESULTAT: 15 - 26

18.00: Florø - Fyllingen Bergen   RESULTAT: 26 - 17

Søndag 25.02:

10.00: Fyllingen Bergen - Konnerud

11.30: Bækkelaget - Florø  RESULTAT: 24 - 20

Kampen mot Bækkelaget kan du sjå her på Firdaposten.no frå klokka 11.30 søndag.

Artikkeltags