Den norske staten sa på tampen av fjoråret nei til å innlemme flyruta mellom Oslo og Stord i den nye flykjøpsavtalen, melder Hangar.no.

Dermed har ikkje Jesper Rungholm og DAT noko anna alternativ enn å leggje ned flyruta dei har operert for eiga rekning i 11 år.

Både DAT og Stord lufhamn er skuffa over staten, og Rungholm seier det slik:

– Eg forstår ikkje korleis staten kan subsidiere Florø, men ikkje Stord. Den einaste forklaringa eg finn er at staten har valt å berre støtte norske selskap og ikkje tek omsyn til likebehandling, seier direktøren for DAT.

Det danske flyselskapet, som i ei årrekkje opererte på Florø lufthamn, flyg den siste turen mellom Stord og Oslo 22. januar, og dei tilsette ved lufthamna har fått permitteringsvarsel med verknad frå 1. februar.