Gå til sidens hovedinnhold

Han kastar inn festival-handkleet

– Vi håpa i det lengste, men no må vi kaste inn festival-handkleet, skriv Malakoff- styret i ei pressemelding.

"Slik situasjonen og gjenopningsplanen for Norge er i sommar, så er det ikkje mogleg å gjennomføre eit fullverdig Malakoff, slik vi alle ønskjer, skriv dei.

– Det er utruleg kjipt, men slik er det berre, seier festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

Alle kjøte billettar blir automatisk overførte til Malakoff 2022, men dei som heller ønskjer pengane tilbake får det.

Bookinga til tidenes Malakoff-festival neste år har starta, og ordinært billettsal vil starte på seinsommaren.

– Det er all grunn til å vere med oss over til 2022. Vi elskar å lage eksepsjonelle musikkopplevingar, og vi vil om kort tid gi info om kva opplevingar og aktivitetar du kan oppleve på Nordfjordeid til neste år, avsluttar Naustdal.

Kommentarer til denne saken