Berre 4 av 10 vil gjennomføre feriereisa som planlagt denne sommaren, viser ei fersk reiseundersøking som YouGov har utført på vegner av Europeiske Reiseforsikring.
14 prosent droppar å reise
– Dei siste ukene har vi fått ei rekkje henvendingar frå kundar som spør om vi dekkjer avbestillingar som følgje av tøff økonomi, fortel kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland i If.
– Det overraskar oss difor ikkje at det berre er 40 prosent av dei spurde i undersøkinga som seier dei vil reise som planlagt.
Han legg for ordens skuld til at forsikringa ikkje dekkjer «kalde reiseføter».
– Flere enn 4 av 10 (44 prosent) fortel at årets ferieplanar har blitt endra som følgje av den økonomiske situasjonen. Den norske krona er svak, inflasjonen høg og dei aller fleste har kjent på både dyr straum og høge renter gjennom det siste året. 14 prosent svarar at dei droppar heile feriereisa i år, held han fram.
Tenker alternativt
Ifølgje undersøkinga er det gruppene frå 50 år og oppover som vil reise mest slik dei hadde planlagt. Det same gjelder gruppa med høg inntekt på meir enn 700.000 kroner. I sistnemnde kategori er det også få som seier dei vil droppe årets ferietur.
– Det vi ser er at ein del yngre tenker alternativt. 4 av 10 mellom 18 og 29 år seier nemlig at de har valt ein rimelegare feriedestinasjon enn det som opprinneleg var planlagt. Ser vi på aldersgruppa frå 30-39 år, samt dei som har yngre barn, fortel 20 prosent at dei droppar årets feriereise på grunn av økonomi, seier Handeland.
Sjølv om mange ferieplaner no blir endra, og folk oppsøkjer rimelegare feriedestinasjonar, er det ingen grunn til å slurve med reiseforsikringa, åtvarer Handeland.
– I økonomisk krevjande tider blir forsikringa endå viktigare. Inflasjonen har gjort at prisane på behandling på sjukehus eller hos legar i utlandet har gått betydeleg opp. Dessutan har tomme sengeplassar etter pandemien gjort at enkelte sjukehus i utlandet overbehandlar pasienter i si jakt på ny profitt. Vi veit litt om kva for nokre det kan vere greitt å styre unna, seier han.
Forsikringa bør vere i orden allereie før ein bestiller og betalar for ei reise. Då vil ein også kunne få erstatning viss ein må avbestille på grunn av til dømes sjukdom, dødsfall i familien eller eit plutseleg samlivsbrot, minner Handeland om.