Elbilane går stadig lengre, og det finst no rundt 20 elbilmodellar der produsentane lovar meir enn 500 kilometer rekkevidd. Men den norske elbilisten klarar seg med langt mindre i kvardagen: 46 prosent av elbileigarane oppgir at bilen deira har under 300 kilometer rekkevidd.
Startar dagen med full tank
NAF gir råd og rettleiing til norske bilkjøparar og har no kartlagt nordmenns haldningar til elbil i ei ny landsomfattande undersøking utført av Norstat. Over 700 elbilistar har svart.
– For dei aller fleste er 300 kilometer rekkevidd meir enn langt nok. Det er få av oss som har ei kvardagsreise som tilsvarar Oslo-Kristiansand, seier Sødal.
Dei aller fleste elbilistane har tilgang til lading heime – og brukar det flittig. Heile 40 prosent av dei med elbiler med kortast rekkevidd ladar bilen kvar dag. Blant elbilistane som har mellom 200 og 300 kilometer på «tanken», er det berre 23 prosent som ladar så ofte.
– Elbilistane kan starte dagen med full tank om dei vil. Men sjølv med ein ganske beskjeden batteripakke er det ikkje naudsynt å lade kvar dag, ser vi av denne undersøkinga, meiner Sødal.
Sparar straum med boks
Og langt dei fleste ladar frå ladeboks: Heile 71 prosent av elbileigarane oppgir at dei ladar frå ladeboks, kun 17 prosent svarar at dei ladar frå vanleg stikkontakt heime.
– Ladeboksen lar deg fylle opp batteriet trygt heime. Alle elbileigarar må legge nokre kroner i ei sikker ladeløysning heime. Stikkontakt skal ein ikkje bruke utanom i naudstilfelle, seier Sødal.
– Har du i tillegg moglegheit til det som blir kalla smartlading anten i ladeboksen eller frå strauømleverandøren, blir bilen lada når straumen er billegast - noko som er ekstra viktig denne vinteren, avsluttar han.