Forbudet mot drikking på offentleg stad skal sikre at barn og ungdom føler seg trygge når dei går på gata, er i parken eller på stranda. 1 av 4 ungdom under 30 år har opplevd ubehagelege situasjonar knytta til alkoholbruk på offentleg plass.

Mange synest heilt sikkert det er flisespikkeri å kommentere dette, men eg synest ikkje det.

Ifølge alkohollova §8-9 er det ikkje lov å drikke alkohol på «gate, torg, veg, i park eller på annan offentleg plass».

IOGT er opptekne av at uteområde og offentleg plass skal opplevast trygt.

I 2018 utarbeida Opinion på oppdrag fra IOGT ein rapport om alkoholbruk på offentleg plass. Den tok utgangspunkt i ei spørjeundersøking.

Spørjeundersøkinga viste

• 1 av 4 under 30 år har opplevd ubehagelege situasjoner knytta til alkoholbruk på offentleg plass siste to åra.

• 62 %støttar dagens forbud mot alkohol på offentleg plass

• 57 % begrensar eigen alkoholbruk på offentleg plass grunna forbudet

• 44 % har latt vere å drikke på offentleg plass grunna forbudet

• 60 % er uroa for at det vil bli meir alkoholbruk på offentleg plass dersom forbudet vert oppheva

• over 50% ønsker bedre håndheving av forbudet.

I Norge er det altså semje om at det ikkje skal vere lov å drikke alkohol på offentleg stad og dei fleste ønskjer at forbudet vert håndheva bedre.

90 000 barn under 18 år har ein forelder som har misbrukt alkohol siste året. Langt fleire barn og unge oppgir å ha følt ubehag i samband med vaksne sitt alkoholbruk.

Vi har eit felles ansvar for å legge til rette for at alle som opplever utryggheit heime skal skjermast frå alkoholbruk i det offentlege rom.

IOGT jobber for at det skal vere lett å ta rusfrie valg, og vil bidra til et trygt og inkluderande samfunn. Å halde parken og det offentlege rom alkoholfrie eit viktig bidrag.

Einar Solheim/ IOGT i Norge