I St. Sunnivavegen 24-26 bur Gry Seim, og i hagen hennar veks det eksotiske plantar og tre.

– Eg eksperimenterer med kva ein kan få til å trivast her i havgapet. Og akkurat i det mikroklimaet vi har på eigedommen vår, så er vekstforholda gunstige for fleire spesielle plantar og tre, fortel Gry.

Den hageinteresserte øybuaren opnar hagen sin for besøkande i sommar.

– Her er det berre å komme innom for omvising og hageprat. Eg vil setje opp eit skilt i vegen, og skal ha open hage frå måndagar til fredagar, og kanskje litt i helgene også, smiler ho.

Kinn er slett ikkje berre Kinnaklova og Kinnakyrkja, så om du er hageinteressert og vil sjå på liljene og urtidstrea til Gry, så gå inn på entur.no og sjekk tider for turist- og rutebåtar til den vestlegaste øya i Florø-skjergarden.