Firdaposten tek turen innom 20-årsjubilanten onsdag kveld Når ungdommane registrerer at det er ein journalist i huset, er det fleire som vert nervøse.

– Skal dei stenge Haffen? Blir den lagt ned? Då klikkar eg! Det kan dei ikkje gjere!, kommenterer fleire av ungdommane, som ikkje vil i avisa.

I sofaen ved dansegolvet sit fleire som gjerne vil snakke med lokalavisa om ungdomshuset sitt.

Camilla Sande Nielsen (13) synst Haffen er ein kjekk ungdomsklubb.

– Her er ope for ungdom måndag, onsdag og fredag, og laurdagar er her ope for alle. Eg er her mykje, og då er eg med venner, dansar, snakkar med folk. Så er her ulike aktivitetar, som LAN og jentekveld. Vi kosar oss her.

Venninna Miriam Gjertsen (14) er samd.

– Haffen er ein gøy stad å henge. Det er stort sett det eg gjer her, å henge med venner.

Dei er alle samde om at ungdomshuset er viktig.

– Det er veldig viktig. Eg liker godt å vere her, og vi er ofte ein stor vennegjeng som går hit. Det er bra at vi har ein stad å vere, seier Miriam.

– Ja, det er det. Her kan eg gå når eg vil slappe av. Er eg sint, så kan eg gå hit for å roe meg ned, seier Camilla.

 

– Ein god plass

Markus Holme (14) synst også ungdomshuset er viktig.

– Det er ein avslappande plass. Det er chill å vere her. Haffen er ein god plass for ungdom, seier Holme.

Markus meiner ungdom i dag sit for mykje heime.

– Eg synst det er viktig at ungdom blir meir sosiale. Mange sit for mykje heime med data, mobilen, på Snapchat og liknande, seier han.

Har eigen nøkkel

Eline Fanevik (16) er også på Haffen denne kvelden. Ho speler sjakk med Daniel Michea Giil (15).

– Haffen er veldig flott. Det er eit koseleg ungdomshus, eit godt tilbod. Eg er dansar, så eg har eigen nøkkel og kan komme hit å danse når eg vil. Det er eg veldig glad for, seier ho.

Ho likar også godt å berre vere på ungdomshuset i opningstida, snakke med folk, høyre på musikk, og å spele spel saman.

Det gjer også Daniel.

– Eg speler sjakk og er med venner når eg går på Haffen, og her er eg nær butikken, seier han.

– Haffen er ein stad ein kan komme for å henge med folk, men ein kan også vere her når ein ikkje vil vere med andre. Eg synst det er eit viktig tilbod, og det er alltid folk her, seier Daniel.

Dei er samde om at Florø ville vore ein dårlegare stad utan ungdomshuset.

– Utan Haffen ville her vore stille og aude. Då hadde vi ikkje hatt nokon stad å gå eller samlast, det er ikkje alle som kan ha besøk heime. Det hadde vore kjedeleg. Hit kan alle gå, seier Eline.

Les også

Haffen har blitt alt det vi drøymde om. Og så mykje meir enn det.