– Dette er ei alvorleg hending, som kan skremme dyrene såpass at dei blir til fare for folk.

Det seier Tonje Terøy, som driv Soldalen besøksgård. Ho er sjølv på ferie i Danmark, men er oppskaka over hendinga ho fekk telefon om onsdag.

– Svogeren min skulle køyre opp ein tank med vatn til beitet. Det er fem hestar som går på sommarbeite mellom garden og leilegheitene i Kinnvegen sameige. Då såg han at delar av straumgjerdet var nede, og han observerte to unge gutar, på kanskje 8-12 år, som løpte rundt og kasta stein mot hestane våre, fortel Terøy på telefon til Firdaposten.

Han er litt usikker på alderen, då det var vanskeleg å bedømme.

– Det verka som dei forsøkte å skremme hestane til å løpe ut av innhenginga. Det dei tydelegvis ikkje veit, er at dyr som føler seg truga kan vere farlege, seier Terøy.

Ho synst det var ekkelt å få ein slik telefon mens ho er langt vekke på ferie, og har ringt både politi og Mattilsynet om saka. Hendinga vil bli politimeldt.

– Eg håpar foreldre vil snakke med ungane sine om dette, og forklare at dei må vere forsiktige rundt dyr. Hestane våre er supersnille, men føler dei seg truga, kvepper eller blir skremte, og føler at dei er under angrep, så kan dei sparke, eller dei kan legge på sprang.

Dei ser med jamne mellomrom at det går ungar inn til hestane for å kose med dei. Ho åtvarar om at det også kan vere farleg;

– Av og til har dei maske på seg, for å beskytte augene mot sand og fluger. Då ser dei dårleg, og kan kveppe om det plutseleg står nokon der. Då kan det skje at dei sparkar, til dømes.

Dei har også opplevd at ein gutegjeng sprang og herja inne blant hestane, men det er nokre år sidan. Dei har aldri registrert ei så alvorleg hending som at nokon kastar stein på dyra.

– Eg håpar i alle fall at foreldre kan snakke med ungane sine om farene ved dette. Eg er glad hestane ikkje sprang ut. Dei kunne ha løpt ned nokon med barnevogn, eller springe rett ut i trafikken, avsluttar ho.

Oppdatert: Saka er oppklara

Torsdag kveld fortel Tonje Terøy at saka no er oppklara.

– Nokre foreldre la to og to saman etter å ha lese Firdaposten, fortel ho.