Ifølgje politiet skal påkøyrsla ha skjedd nær Vågsøy ungdomsskule.
Niåringen er teken med til legevakta av familien sin for ein legesjekk.
Bilen som køyrde på guten forsvann frå staden, og politiet leitar no etter personen som køyrde bilen.
Dei ber også publikum om å ringe 02800 om dei har informasjon om saka.
Oppdatering klokka 06.27 fredag: Den påkøyrde guten blei send vidare til sjukehus for vidare sjekk, melde Sunnmørsposten torsdag kveld. Førar og bil er framleis ikkje identifisert, men politiet jobbar ut frå ein teori om at det var to kvinner i bilen.