Gå til sidens hovedinnhold

Gustav Johan Nydal toppar Krf-lista

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ/VÅGSØY: Kinn KrF har lista si klar framfor det historiske lokalvalet til hausten.

Ei god blanding av politisk erfaring og ferske fjes. Slik oppsummerer Kinn KrF nominasjonslista si framfor det aller første valet til Kinn kommunestyre til hausten.

Kinn KrF hadde årsmøte og nominasjonsmøte 26. februar, og lista deira inneheld naturleg nok folk frå både Vågsøy og Flora.

- Vi har ei liste der vi har med oss både personar med solid politisk erfaring og personar som aldri før har stått på noko politisk liste, konstaterer listetopp og ordførarkandidat, Gustav Johan Nydal. Han er i dag KrF sin representant i Flora bystyre og formannskap.

Med seg på topp tre har han Dag Almenning, som har mange års tidlegare erfaring frå lokalpolitikken i Vågsøy, og er ein sterk representant både for Næringslivet og dei eldre.

Aud Norunn Vig, frå Færøy i Flora er eit nytt tilskot i KrF og representerer både distriktet og barnefamiliane. Ho er forøvrig arborist av utdanning. Så står det att å sjå om ho får KrF-treet til å vekse inn i himmelen ute på kysten.

Den komplette lista frå nominasjonsnemnda ser slik ut:

 

Kommentarer til denne saken