Han har vore ein nokså einsleg svale i kommunestyret i Kinn dei siste åra, Gustav Johan Nydal. Han representerar Krf, og det har han ambisjonar om å halde fram med også etter kommunevalet til hausten.
Den rutinerte Krf-politikaren står øvst på lista til Krf også denne gongen. Her har han selskap av ni andre kandidatar, som alle kjem frå den sørlege delen av kommunen.
– Det har ikkje lukkast å få kandidatar frå den nordlege delen av kommunen men vi kan garantere at vi skal jobbe for heile kommunen., skriv partiet i ei pressemelding.
Slik ser lista ut:
Nr | Namn | F.år | Stilling |
1 | Gustav Johan Nydal | 1960 | Sivilingeniør |
2 | Aud Norunn Vig | 1984 | Sjølvstendig næringsdrivande |
3 | Anne Karin Lysne | 1955 | Vikarprest |
4 | Ingvill Førde Torvanger | 1969 | Aktivitør og hovudverneombod |
5 | Johan Vadøy | 1950 | Pensjonert lærar |
6 | Ingeborg Svånå | 1971 | Sjukepleiar/Gravferdskonsulent |
7 | Kristian Berentzen | 1990 | 110-operatør |
8 | Olfrid Morotaie | 1941 | Pensjonist |
9 | Trond Øien | 1966 | Byggmester |
10 | Jan Tore Vig | 1983 | Bussjåfør |
– Programmet er under utarbeiding og vi går til val på å utvikle Kinn kommune til ein god oppvekstkommune, med eit rikt næringsliv og ei god eldreomsorg. Vi skal satse på å få barn og unge med i gode fritidsaktiviteter, og vi skal arbeide for ein sunn kommuneøkonomi, fortel partiet videre i pressemeldinga.