Skal ta farvel med Guleslettene med ein eigen støttemarsj

Fleire organisasjonar går no saman om å arrangere ein støttemarsj for naturen – for å ta farvel med Guleslettene, som no vert utbygt med vindmøller.

DEL

12. mai arrangerer Den Norske Turforening (DNT) støttemarsj for naturen på minst 15 ulike stader i Norge. Målet er å hindre vidare vindkraftutbygging i verdifull natur.

 – Motstanden mot vindkraft er aukande og stadig fleire får auga opp for kva som unødig vert ofra på vegen mot det grøne skiftet. Vi er ikkje nøydde til å velje mellom klima og natur. Med dagens kraftoverskot, dei 86 vindkraftanlegga som allereie har fått konsesjon, energieffektivisering og opprusting av vasskraftverk har vi faktisk krafta vi treng for å få til begge delar, seier styreleiar i DNT Per Hanasand.

12. mai samlar alle som ser at det er mogleg å få til ei naturvennleg fornybarsatsing seg til støttemarsj. DNT håpar at politikarane vaknar og skjønner kva dei er i ferd med å tillate.

– Naturen er grunnlaget for alt liv og noko av det skjøraste vi har. Gjennom støttemarsjane vil vi vise engasjementet for den umistelege naturen vår som no er truga. Det gjer vi på den måten som passar DNT best, ved å gå, seier styreleiar i DNT, Per Hanasand. 

Marsj til Brandsøyåsen

Florø er ein av stadane der det vert arrangert støttemarsj. Sogn og Fjordane Turlag, Forum for natur og friluftsliv, Norges jeger og fiskarforbund Sogn og Fjordane, Norsk ornitologisk foreining og Naturvernforbundet i Flora arrangerer saman tur 12. mai, med tittelen «Gå for naturen!».

Turen går til Brandsøyåsen, der ein skal ta farvel med Guleslettene slik vi kjenner dei.

– Det enorme vindindustrianlegget som no er under bygging vil endre landskapet for alltid. Samstundes har Olje- og energidepartementet føreslått å bygge ned det meste av det urørte norske kystlandskapet til fordel for vindkraftanlegg. Bli med oss og gå for naturen!, oppfordrar arrangørane.

Marsjen startar ved Brandsøy klokka 19, og det vil vere appellar på toppen av Brandsøyåsen frå klokka 20.00.

– Store naturområde kan gå tapt til vindkraftindustri. Politikarane må velje effektive klimatiltak som øydelegg minst mogleg natur. Lat oss sikre våre barn og barnebarn moglegheita til naturopplevingar for livet, seier dei.

Store naturområde kan gå tapt 

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har peika ut 13 store område som dei meiner er godt eigna for vindkraft, store delar av dette er urørt natur. DNT er bekymra.
 

– Vi er ikkje mot vindkraft på land, men vi kan ikkje bygge ned natur i det omfanget det vert lagt opp til no. Det er skremmande at så store natur- og friluftsområde er erklært eigna for vindkraftutbygging. Dette er område som lokalbefolkninga brukar kvar einaste dag til rekreasjon, avkopling og friluftsliv. Politikarane må velje effektive klimatiltak som øydelegg minst mogleg natur, seier Per Hanasand i DNT.

Utkastet er sendt på høyring, og Olje- og energidepartementet jobbar med den endelege konklusjonen. DNT håpar at innspela frå lokalbefolkning og friluftsfolk over heile landet vil få politikarane til å vakne, slik at den endelege ramma skjermar naturen på ein heilt annan måte. 
 

– Vi ønsker at politikarane skal tenke seg om éin gong til. Vi treng ikkje rasere verdifulle naturområde for å lukkast med det grøne skiftet. Vi må kjempe for at våre barn og barnebarn får dei same naturopplevingane som oss, seier Hanasand.

Vindkraftbefaring i Egersund Vindkraftverk.

Vindkraftbefaring i Egersund Vindkraftverk. Foto:

DNT har fire tydelege krav til regjeringa:    

  1. All urørt og inngrepsfri natur må vernast mot vindkraftutbygging. Slike område byr på naturopplevingar flest nordmenn er redd for å miste.
  2. Fleire friluftsområde må ut av nasjonal ramme. Alle bymarker og byfjell, og det sentrale hytte- og rutenettet for friluftslivet må ekskluderast. Desse områda er populære utfartsmål og gjer at mange kjem seg ut på tur.
  3. Føre var-prinsippet må i mykje større grad leggast til grunn. Den nasjonale ramma peikar sjølv på at det er store naturområde vi veit for lite om. Vi kan ikkje bygge ut område vi ikkje veit verdien av.   
  4. Alle søknader som er utanfor dei 13 utpeika områda må avvisast. 

Artikkeltags