Omkamp om vindkraftverket på Guleslettene

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarI sitt høyringsframlegg til MTA (miljø-, transport- og anleggsplan) legg Flora Kommune opp til ein omkamp om det konsesjonsgitte vindkraftverket på Guleslettene. Ved å stille krav om 500 m sikringsone utanfor nebørsfeltet til drikkevannskjelda Sagavatnet prøver dei no gjennom MTA-prosessen å spenne krok for vindkraftprosjektet.

Flora bystyre gav i sin høyringsuttalelse 06.12.11 positiv tilslutning til vindkraftprosjektet men stilte samstundes krav om 7 avbøtande tiltak. Ingen av disse avbøtande tiltaka omhandlar drikkevatn eller tilhøyrande sikringsoner, drikkevannskilden Sagavatn er ikkje nevnt i det heile. Derimot vart det stilt krav om veg til Flora kommune sitt vassverk ved Sagavatnet.  Rådmannen i Flora Kommune (FK) opplyser i si saksutgreing til bystyre at dei avbøtande tiltaka er blitt følgt opp gjennom fleire møter med Utbygger. Tilgjengelige møtereferat mellom FK og Utbygger viser at det kun er ett punkt frå Bystyre sitt vedtak som er blitt fulgt opp, dette gjelder då pkt.2 om at turbinar ikkje bør plasserast på dei høgste toppane grunna landskapsverknaden. Krav om veg til Sagavatnet, lysløype, samt dei 4 andre mindre punkta er ikkje nevnt i det heil og har heller ikkje vært diskutert med Utbygger. Det skal nevnast  at ingen av dei 7 krava som bystyret stillte til konsesjon vart tatt tilfølge av NVE i.f.b.m tildeling av konsesjon, men FK  nytta allikevel ikkje klageretten sin og ut frå dette skulle ein då tru at FK var tilfreds med dei konsesjonskrava NVE hadde sett til utbygging av vindparken.

Utbygger har i sin detaljeplan gjort endringar/fortetning av vindparken som har medført ein noko endra visuell virkning sett frå Flora by, samstundes medfører endringa at ein har spart heile den nordligaste delen av planområde for naturinngrep som var mest syneg frå skipsleia. I detaljplanen har utbygger lagt til grunn ei sikringsone på 100m i.f.h.t. nedbørsfeltet for Sagavatnet, dette er bassert på at Turbinhuset (kor ein har gir og hydraulikk olje) er 90 m høg og ved eit fall av heile installasjonen i retning Sagavatnet vil ein allikevel ikkje kunne berøre nebørsfeltet. Vengene på Turbinen innheld ikkje oljer eller kjemikalier. Kva er så grunnen til at FK plutselig kjem med eit krav om sikringsone på 500m, 5 ganger meir en det er behov for. I etterkant av at FK ble kjent med endringane i detaljplanen blei det 04.01.18 avhalde møte mellom FK, Utbygger og NVE. FK gjorde her greie for sine bekymringar vedrørande endringane på turbinplassering, men også då var fokuset retta mot den visuelle virkninga frå Florø By, her var ingen krav om ekstra sikringsoner ifbm. drikkevannskjeldene ref. møtereferat.

Ein finn heller ikkje noko svar på 500 m-kravet  i saksutgreinga til Rådmannen anna en ut i frå mulige konsekvensar, sannsynligheten er ikkje drøfta i det heile. Kva kan så gå galt om ein turbin skulle velte eller det skulle oppstå brann? Om heile turbinen veltar og det oppstår oljelekkasje frå turbinhuset vil det skje utanfor nedbørsfeltet til Sagavatnet så lenge sikringsona er 100m. Vindmålingar viser også at ved vind >20 m/s vil den uten unntak komme fra sør , noko som då truleg gjer til at turbinen fell i nordlig retning. Sprekker i fjellet har blitt nevnt som ein risiko, men med tanke på at vi har 52 fiskevann, 100 vis av kjern og kulper, myrer og våtmark i dette område meiner vi den risikoen er lite. Men skulle det verste skje at oljen etter mykje møye kjem seg ned til Sagavatnet så vil den vel oppføre seg som anna olje, nemlig å flyte på toppen av vatnet og følge vassdraget til sjøen. Det er og komme påstandar om at det vil bli nytta kjemikaliar til avising av vingeblada. Dette er ikkje tilfelle då det er planlagt med varmetrådar i vingeblada for å hindre ising.

Brann er ein reelle risiko, med fare for luftbåren forureining , men her er Sagavatnet i ein heldig posisjon, vindmålingane utført dei siste åra viser at Guleslettene har hovedsakelig sydlig vindretning noko som reduserer mulig eksponering av Sagavatnet.

Det som vi reagerer sterkast på er det narrespillet som rådmannen legg opp til i sin høyringsuttale til vindkraftprosjektet.
FK har i alle sammenhengar vært opptatt av den visuelle landskapsverknaden av vindkraftprosjektet utan at dette er blitt hensyntatt av sektormyndighet. No ved siste mogelegheit for å kunne gje innspel til plan-prosessen har FK skifta taktikk, no er ikkje  det visuelle tatt med som krav i det heile, ut av hatten er det kome eit nytt krav som heiter «Sikringsone rundt drikkevannskjelder».

Det «tilfeldige» er at sjølv om kravet no er nytt vil det ha same resultat som det gamle om det skulle bli hensyntatt, og det er her vi meiner at rådmannen via bystyret vil narre NVE. Saka var oppe i Plan- og Samfunnsutvalet 08.05, dette medførte ei forsterkning av kravet om at sikringsona på 500m også skulle gjelde Storelva og Terdalsvassdraget.

Skringssona mht. Storelva er basert på Kupevatnet som eit mogeleg reservevassløysingsalternativ til Sagavatnet.  Men målingar viser at djupnene varierer frå 3m til 8,5m.  Det djupaste området med 8,5m har ei utstrekning på ca. 20x30m.  I og med at dette vatnet ikkje er djupare/har større volum er det lite sannsynleg at det kan nyttast som reservevassløysing.  Det er også gjørmebotten i vatnet.  Dersom konklusjonen vert at ein ikkje kan nytte Kupevatnet som reservevassløysing treng ein heller ikkje Sikringsone i forhold til Storelvavassdraget då her ikkje er drikkevasskjelder i vassdraget.

Når det gjeld Terdalsvassdraget står det i tilleggsfråsegn til detaljplan (MTA) frå Fylkesmannen at Fylkesmannen er vorte orientert om at også Terdalselva er sjøaureførande.  Men det er ikkje opplyst noko meir detaljar.  Det er rett at det går sjøaure opp til første fossen nede ved sjøen på ca. 5 moh.  Men fossen er så høg og bratt at det ikkje er mogeleg for sjøauren å kome lenger opp i elva.  Det er såleis berre ved utløpet av Terdalselva sjøauren kan gå opp, og ikkje heile Terdalselva slik ein kan få inntrykk av i tilleggsfråsegna.

Saksutgreinga til rådmannen seier heller ingen ting om dei økonomiske konsekvensane av utbygginga, her vil jo tross alt komme nokre millionar inn i bykassa i form av eigedomsskatt.

At saksutgreinga er entydig negativ, påvirkar ikkje oss som bur og lever rundt Guleslettene. Vi er positive og ønskjer tiltaket velkommen.

Artikkeltags