VG skriv i dag at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i fjor leverte eit kart over område dei meiner er godt egna for vindkraftverk. Samtidig valde dei vekk fleire oppmerkte område som ikkje blei rekna som egna, og som mellom andre Miljødirektoratet meinte måtte vernast.

Det blei vist til at områda har areal som Miljødirektoratet meiner er viktige for fuglar, eller har eit viktig og sårbart naturlandskap.

Fleirtalet ligg utanfor

NVE si oversikt viser at det er 18 vindparkar under bygging i landet. Det er dessutan 15 prosjekt som har fått konsesjon og snart skal i gong med utbygging. Alle har fått konsesjon før rapportane frå NVE og Miljødirektoratet.

VG si gjennomgang viser at fleirtalet av konsesjonane ligg utanfor områda som er rekna som egna for vindkraft. Blant dei er både Guleslettene og Bremangerlandet vindkraftverk.

Guleslettene likk i eit område NVE undersøkte og fann at dei ikkje ville tilrå for vindkraftutbygging. Miljødirektoratet ville, etter ferske analysar fullstendig ekskludere eit stort område langs kysten. Tett inntil der vindturbinane står.

Ny kunnskap

Dette har lite å seie for Guleslettene. NVE seier at rapportane skal gjelde nye vindkraftprosjekt, og Guleslettene er snart ferdigstilt. Konsesjonar vil ikkje bli trekt tilbake som følge av dette.

– Areala har ikkje betydning for konsesjonane vi allereie har gitt, men kunnskapsgrunnlaget vi henta inn blir brukt. Vi tar hele tida i bruk ny kunnskap, seier direktør Rune Flatby i NVEs konsesjonsavdeling.

For dei 15 konsesjonane der utbygginga enno ikkje er starta kan dette likevel få konsekvensar. Olje- og energidepartementet (OED) omgjorde nyleg eit vedtak i NVE om å gje Andmyran vindkraftverk utsett frist til oppstart. Dei må vere i drift innan utgangen av 2020, men søkte NVE om å utsette fristen. NVE gav dei frist til ut 2021, men OED gjorde om vedtaket fordi ny kunnskap viste at inngrep i myr fører til store utslepp av klimagassar.

Konsesjonen er ikkje trekt tilbake, men i praksis er vindkraftverket stoppa. Dei har ikkje moglegheit til å bygge innanfor den gjeldande tidsfristen.

Les heile saka i VG