Ny båt på grunn utanfor Florø

MS Ocean Alden, RS Halfdan Grieg og SeaKing-helikopteret frå Florø kom til unnsetning då fiskebåten gjekk på grunn.

MS Ocean Alden, RS Halfdan Grieg og SeaKing-helikopteret frå Florø kom til unnsetning då fiskebåten gjekk på grunn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Natt til onsdag gjekk ein fiskebåt på grunn etter motorhavari.

DEL

Rundt klokka 04.30 natt til onsdag fekk ein fiskebåt problem vest for Florø, og sende ut mayday-melding.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge sendte ut både SeaKing-helikopter og eit standby-fartøy som heiter MS Ocean Alden, opplyser dei til NRK Sogn og Fjordane.

Ocean Alden starta å slepe fartøyet inn mot Florø, men så fekk fiskebåten vasslekkasje.

Redningsskøyta RS Halfdan Grieg deltok også i aksjonen, og kom til med lensepumpe.

– Fiskebåten hadde motorhavari og inntrenging av vatn. Vi har vore inntil med lensepumpe, men forholda var for dårlege til å sette over mannskap. Ocean Alden slepte difor fartøyet til smulare farvatn, fortel maskinsjef Kristian Nesse til Firdaposten.

(Saka held fram under bildene)

Tråleren Victoria May frå Vågsøy gjekk på grunn etter motorproblem, og er no slept inn til Florø.

Tråleren Victoria May frå Vågsøy gjekk på grunn etter motorproblem, og er no slept inn til Florø. Foto:

Tysdag var det også ei grunnstøyting i Florø. Då gjekk ein lastebåt på grunn ved Gunhildvågen, og det skjedde rundt klokka 14.30 på dagen.

Lastebåten hadde eit mannskap på seks personar då den grunnstøytte i Auseholet, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ein taubåt drog båten av grunn og slepte den inn til Florø, og politiet understrekar at det ikkje var nokon dramatikk.

Artikkeltags