Statsminister Jonas Gahr Støre poengterte at vi kan ikkje sleppe heilt opp, men med alt vi veit i dag er det rett å fjerne dei fleste smitteverntiltaka frå klokka 23 i kveld.
Dette betyr at det ikkje lenger er anbefaling om antalsbegrensing på gjestar heime, og heller ingen antalsbegrensning på arrangement innandørs eller utandørs. På arrangement med faste tilviste plassar, som kino, teater eller i kyrkja, fjernar ein avstandskrava når ein sit i setet. Det betyr at alle seter i ein sal kan nyttast. Arrangøren skal legge til rette for at det er mogleg å halde avstand elles i lokalet eller arrangementsområdet.
Skjenkestopp og krav om bordservering blir fjerna, men det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
Det er ikkje lenger ei nasjonal anbefaling om gult nivå i barnehagar og skular. Høgskular, universitet og fagskular blir anbefalt å jobbe mot at alle er fysisk tilstades ved undervisning. Anbefalinga om 1 meter avstand kan fråvikast ved undervisning.
Organiserte idretts- og fritidsaktiviteter kan no gå føre seg som normalt, både innandørs og utandørs for alle aldersgrupper, med kontakt der det er naudsynt.
Fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande kan opne opp igjen, men dei må ha smittevernfagleg forsvarleg drift.
Det blir ikkje lenger eit krav om å legge til rette for heimekontor. Det blir anbefalt at arbeidsgivarar sjølv vurderer kor mykje heimekontor som er rett på den enkelte arbeidsplass. Her må bedriftene også tenke på korleis dei kan unngå at alle blir sjuke samstundes.
Kravet om å teste seg på grensa for innreisende til Norge blir fjerna.
Ein fjernar krav om karantene, men smitta må framleis i isolasjon, som no blir korta ned til 4 dagar. Ein må likevel vere feberfri i minst 24 timar for å komme ut av isolasjon. Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære blir anbefalt å teste seg i 5 dagar etter kontakt med smitta.
Målet er å unngå at for mange blir sjuke samstundes. Smittebølga kjem, den ligg framfor oss, men den blir noko flata ut, er målet. Og mykje av ansvaret og tilliten blir lagd på kvar enkelt av oss.
Støre streka under at pandemien ikkje er over.
– Det vil framleis gjelde nokre råd og reglar. Vi har bede Helsedirektoratet og FHI å vurdere situasjonen løpande, og seinast 17. februar kjem ei ny vurdering.