Venstre sin ordførarkandidat Jan Henrik Nygård opna Venstres med å slå fast at omstillinga som skjer no som følgje av nedgangstidene i oljebransjen må betraktast som ei moglegheit framfor ein tung prosess som er tvinga fram:

– Omstillinga er allereie i gang den, og dette er Sogn og Fjordane si moglegheit. Det kan vere dei same ingeniørane som jobba i oljebransjen som skal ta den grøne satsinga vidare.

– Vi må vere offensive

Alfred Bjørlo frå Eid har site fire i jobben som ordførar. Han er også sentralstyremedlem i Venstre og har såleis vore med på å utforme partiet sin politikk på dette området. Han er klar på at det ikkje nyttar å sette seg ned og vente på at nokon skal dra i gong det grøne skiftet.

– Det kan ikkje understrekast kor viktig det er å komme raskt i gang. Både fordi dette er noko som må løysast no, og fordi det vil gi konkurransefortrinn seinare, peika han på.

Flora - rike moglegheiter

Han heldt fram fleire uilke sektorar der han meiner Norge kan gjere ein skilnad i verda. Ein av dei er grøn teknologi innanfor skipsbygging - her kan ein bygge vidare på den kompetansen som fins, meinte han, og viste til el-ferjene:

– Norge kan sette seg som mål å bli verdsleiande på grøn teknologi og bidra til nullutsleppsteknologi skal vere tilgjengeleg globalt innnan 2030.

Bjørlo trur også at vekstpotensialet i dei marine næringane er enormt, og at desse har potensiale til å ta over for ein del av oljeverksemda når det gjeld arbeidsplassar og verdiskaping.

– Når ein snakkar om auka matproduksjon, er det fokus på landproduksjon. Men Norge har heilt spesielle føresetnader for å utvikle mat frå havet.

Andrekandidat Marit Gjerstad ville vite om Eid-ordføraren hadde konkrete råd til Flora, men Bjørlo var tilbakehalden med å dele ut gode råd:

– Men de har eit utruleg godt utgangspunkt med kompetansemiljøet på oljebasen, i tillegg til fiskeri og havbruk, sa han diplomatisk.

Etter Bjørlo sitt foredrag fekk mellom andre Trond Strømgren ordet for å fortelje om Norwegian Center of Expertise (NCE), medan dagleg leiar Lone Bareksten i Fram Flora orienterte om kva hjelp grøne gründer kan få.

Delte ut miljøpris

Venstre delte også ut sin eigen miljøpris under møtet måndag kveld, og denne prisen var det vaskerkonsernet Nor Tekstil som fekk. I begrunninga for tildelinga heiter det mellom anna:

«Det er spesielt viktig at marknadsleiande verksemder som Nor Tekstil AS tek ansvar og går føre i utviklinga av tekniske løysningar, og skapar ein marknad for grøne produkt.

Mykje av dei endringar som skjer i samfunnet i dag er styrt av at verksemder som Nor Tekstil AS viser veg og skapar ein konkurransefordel gjennom grøn profilering".

I 2008 gjekk konsernet over til å bruke Svane-merka vaskemidlar og fokuset på å minimere utsleppet av skadelege stoff går att i heile produksjonen. Eit anna mål er at energiforbruket per kilo produsert tøy ikkje skal overstige krava i Svane-merkinga, og at energieffektiv teknologi difor skal prioriterast ved nye investeringar, heiter det på konsernet sine nettsider.