Delfinalane blei arrangerte 21.–23. september i Trondheim. Der blei Kinn Bryggeri plukka ut til å konkurrere i klassen «årets øl» med sitt Havblikk, medan Svanøylaks sin tradisjonelle einerrøykte laks sleppte gjennom nålauget i klassen «årets sjømat foredla».

Det er totalt 29 finalistar i dei 13 klassane.

Folka i Kinn Bryggeri har allereie erfaring med å vinne i konkurransen. I fjor blei deira Rekved nr. 8 Tyttebær kåra til «årets øl», eit surøl som var fatlagra på brukte kvitvinsfat. Dei fekk skryt både for ølet og for flaska det kom i, og dommarane konkluderte med at det var «eit komplekst og spennande øl».

Også i 2013 og 2018 konkurrerte Kinn om å bli årets øl.

Svanøylaks er heller ikkje nye i Det Norske Måltid, dei var også med i finalen i 2013. Det har stor betydning for produsentane å delta i denne konkurransen. Trass i at det vesle røykeriet på Svanøy ikkje vann sist, kunne dagleg leiar Gro Sveen i etterkant konstatere at mange hadde lyst å smake.

– Effekten var ganske så ekstrem, og større enn kva eg hadde trudd. På denne tida har vi som regel tingingar på rundt 300 røykelakssider via nettbutikken vår. No har vi passert 800, og bestillingane tikkar framleis inn, sa ho til firdaposten.no etter finalen.

Det Norske Måltid starta i 2008 med eit mål om å synleggjere lokale og regionale produsentar og å gjere produkta deira tilgjengelege for fleire forbrukarar. Dei gjennomfører ei årleg kåring av dei beste mat- og drikkeprodukta i Norge og jobbar for å synleggjere breidda av landets matproduksjon og dei unike råvarene som blir produserte.