– Torsdag i førre veke kom stadfestinga om at det var påvist Covid-19 hjå eit barn i barnehagen. I dag, ei knapp veke seinare, er heile barnehagen friskmeld og driv som vanleg. Det er takka vere ein fantastisk innsats blant tenesta si leiing og tilsette.
Det skriv kommunedirektør Terje Heggheim i sitt fredagsbrev.
I samarbeid med helsestellet har dei tilpassa drifta i perioden. Det vart også tidleg klart at barnehagen var godt budd i form av korleis dei har tenkt smittevern generelt, korleis dei har organisert barnehagen i grupper (kohortar), og ikkje minst; korleis dei har iverksett nye rutinar i ein slik situasjon, skriv Heggheim.
– Barnehagen har også vore flink til å ha oversyn over kven som har vore i kontakt med kvarandre. Det har vore viktig for arbeidet med smittesporing. I lag med helsestellet har dei innfridd fullt ut, seier Heggheim, og held fram;
– Eg er generelt stolt over dei kommunale tenestene i Kinn. Korleis Storevatn barnehage løyste denne utfordringa, gjer meg spesielt stolt. Tenk over korleis vi som innbyggarar opplever så godt arbeid. Takk og gratulerer!

– Dei tilsette i barnehagen har gjort ein kanonviktig jobb
