Gå til sidens hovedinnhold

Fortvilar over manglande kunnskap på golfbana

Artikkelen er over 6 år gammel

– Ver så snill og vit kva de gjer, det er ikkje kjekt å få banene øydelagde.

– Vi ønsker jo å rekruttere dei unge, og derfor har vi utstyret liggande ute slik at det og skal vere mogleg å spele på kveldstid, fortel Linseth og held fram:

– Men det er synd at dei øydelegg plenen. Det ligg mange dugnadstimar bak anlegget.

Linseth er heilt sikker på at det ikkje er nokon som har ønska å lage hærverk, men rett og slett ikkje har visst betre og brukt feil kølle på feil bane.

– Skal ein øve på å slå, skal ein berre bruke øvingsfeltet. Å bruke ei kølle som er meint til å slå i jorda med, på eit puttefelt, er eit tydeleg brot på golfreglane. På kva som helst anna bane hadde desse blitt utvist.

No oppfordrar han alle som brukar bana, til å ta kontakt for kursing.

– Ein skal ikkje opphalde seg på ei golfbane utan eit lite kurs, eller at ein er saman med nokon som har det, forklarar han og påpeikar kor farleg det er om ein ikkje er påpasseleg med kor ein opprørar seg.

– Gjennom golfhistoria har det vore ein del stygge ulykker. Endå har det ikkje skjedd nokon her, og det er vi veldig glad for.

 

Kommentarer til denne saken